21 desember, 2006

5 ting eg har og liker

Sidan det snart er jol har eg blitt spurt om kva eg ønsker meg i jolapresangar. Det har fått meg til å tenka på kva eg har, og her er lista over dei fem tinga eg har som eg likar best.

1. Fiolinen min , som eg kjøpte for masse, masse pengar for fire år sidan. Sjølv om eg tenker på å kjøpa meg ein ny og endå betre, så er det definitivt favorittingen min.

2. Den nye bogen min, strengt tatt har eg ikkje kjøpt den endå. Men med mindre eg finn ein fantastisk boge medan eg er i Oslo, har eg tenkt å kjøpa ein boge laga av R. Dotschkail. Den er godt balansert og er lett og god å spela med. Og så er den vakkert laga, med ein frosj av skilpaddeskal og med gulldetaljar.

3. Campers støvlettar, kjøpt på salg i fjor vinter for drøyt tusen kroner. Støvlettane har låge hælar, gode sålar, og gir meg aldri gnagsår. Derimot gir dei meg varme, tørre føtter, og ikkje minst, varme leggar.

4. Kjempestor koffert, som eg fekk i presang av Oddny då eg skulle flytta til Odense. Den har plass til kjempemasse, og gjer all reisinga att og fram mykje lettare. Og så har den fire hjul, og er lett å trilla sjølv om den er tung.

5. iBooken min, som eg kjøpte for pengane eg fekk i utvekslingsstipend. Livet vert mykje lettare med ei god, bærbar datamaskin. Og det gjer jo ikkje noko at den er fin å sjå på.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Du nemner berre 5 ting, og som du veit: Eig du meir enn 8 ting, så eig tinga deg. Men sidan ein av dei 5 tinga er ein stor koffert ... Det handlar nok meir om innstilling enn om eit eksakt tal, i alle fall er det greit å tenkje slik i jola ...

1:10 p.m.  
Blogger Anna said...

Du e så materialistisk! :) Men fin liste. gode valg. God jul!

3:54 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home