18 desember, 2006

Presangproblem

Når Jokke opnar jolapresangane sine på jolafta er det den åttande gongen han opnar ein jole- eller bursdagspresang frå meg. Trur eg, det kan henda eg har gått litt i surr i åra. Men uansett, det er mange presangar, og det vert vanskelegare å kjøpa dei for kvar gong. Det er ein eigen dynamikk i kjærastepresangar. Dei skal verta finare for kvart år, for å gjenspegla at forholdet òg vert finare år for år. Om presangen er dårlegare enn året før, så kan det vera eit faresignal. Men problemet er at for kvart år så vert det to gåvemoglegheiter mindre, om ikkje fleire, fordi eg ofte kjøper meir enn ei gåve til kvar jol eller bursdag. Og for kvart år så er eg meir glad i Jokke, og eg synest fleire og fleire potensielle gåver ikkje er fine nok for han.

Eg er redd for at på eit tidspunkt så kjem det til å bli umogleg å kjøpa jolapresangar til Jokke utan å sprenga heile årsbudsjettet. Men enn så lenge så freistar eg å finna den perfekte presangen, utan å bruka meir pengar enn eg har råd til. Det er ikkje lett. Eg har brukt mange, mange timar på å traska rundt i Berlin og leita etter den riktige butikken med dei riktige tinga i. I dag fann eg endeleg noko av det eg har leita etter, men eg er enno ikkje nøgd med presangen. Og det er berre seks dagar igjen til jolafta. Korleis skal dette gå?

Etiketter:

8 Comments:

Blogger meeeh said...

Hahaha! Dette er et kjent problem...

Men på sikt løser det seg jo, ihvertfall for oss av det ene kjønnet. "Diamonds are a girl's best friend". Da er det bare et pengespørsmål:-)

1:13 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kan du da tenke hvilke problemer
farmor og farfar har?

8:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hehe- søt du er, Mari.

Danny og jeg har løst det med å heller kjøpe overraskelsespresanger når vi finner Den Fine Gaven året rundt, det blir mye stress med å finne noe bra nok til jul (c;

10:45 p.m.  
Blogger Mari said...

No har eg kjøpt alle jolapresangane for i år, og eg trur Jokke kjem til å å bli glad og fornøgd. Men overraskelsespresangar var ein god ide, Ida Sofie.

5:33 p.m.  
Blogger Kjetil said...

Er det åtte år? Er me verkeleg vortne så gamle?

-
-
-
-
-
-
-
-

Ja, når eg tel etter ser eg at du har rett. Urk.

Men ein kan òg sjå dette på ein annan måte: Når ein har kjent einannan lenge, treng ein ikkje lenger prøva å imponera. I tillegg kjenner ein den andre betre, så det er lettare å finna ut kva vedkomande treng.

Eg òg vil ha ein kjærast å kjøpa presangar til...

7:40 p.m.  
Blogger Mari said...

Det er fire år med presangar, to gonger i året, Kjetil. Men eg og du har vel kjent kvarandre i seks år no, har me ikkje? Det er lenge, me er blitt litt gamle. Kanskje du kan skriva eit kjæraste søkast-innlegg på vloggen?

9:14 p.m.  
Blogger Elvis Bling Laden said...

Jeg håper du innser at du blir nødt til å forklare _hva_ det var jokke fikk til jul? Ikke før julaften, selvfølgelig, men etterpå.

Ellers sier jeg som FIVH; gi noe du har laga sjølv! Tilogmed kjærster elsker det!

2:16 a.m.  
Blogger Kjetil said...

Ja, kanskje eg skal skriva ei lang kontaktannonsa på vloggen min. Men eg trur ikkje det hadde hjelpt.

Me har kjent einannan dritlenge. Over sju år, faktisk. Trur eg iallfall. Så dette er den åttande jula etter at du traff Jokke for første gong, eg trudde det var der du fekk talet åtte ifrå.

9:45 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home