05 januar, 2007

2006 - ei oppsummering

Eg likar å delta i spørjeundersøkingar, for det er så fint når nokon spør meg eit spørsmål og høyrer på svaret mitt. Men sånne kjede-spørsmål som går rundt i ulike bloggar er endå betre, for då kan eg forandra spørsmåla om eg vil. Her er nokon eg har fått av Ida Sofie, lettare endra, og oversatt til nynorsk.

1. Kva gjorde du i 2006 som du aldri hadde gjort før?

Eg flytta til utlandet. To gonger. Det har ført til at eg har gjort mange ting for fyrste gong, som å kyssa under Brandenburger Tor, bu aleine og å prøva å føra ein samtale på tysk. Dessutan så førte sveltestreiken til afghanarane til at eg gjorde mykje nytt. Eg veit no korleis ein skaffar straum, lydanlegg, artistar, presse, el-piano og publikum i løpet at ein dag eller to, alt saman gratis.

2. Heldt du nyttårsforsetta dine i 2006? Og har du nokon for 2007?

Eg hugsar ikkje om eg hadde nyttårsforsett i fjor, så enten har eg helde dei og innarbeida dei så godt i dagleglivet at eg ikkje merkar dei lenger, eller så hadde eg ingen. Eg har ingen i år, bortsett frå dei vanlege forsetta som eg har kvar morgon når eg vaknar: Øva masse, trena litt og kanskje finna på noko gøy.

3. Vart nokon som står deg nær mor eller far?

Nei, eg trur ikkje det. No blei eg plutseleg litt redd for at eg har gløymt nokon.

4. Døydde nokon som står deg nær?

Ja, Faste døydde i august. Ho var grandtanta mi, og det var trist. Men ho var gamal og sjuk, og då døyr ein jo ofte. Eg og Jokke besøkte grava hennar for nokre dagar sida, då vart det plutseleg litt trist igjen.

5. Kva land har du besøkt det siste året?

Eg har budd i Tyskland og Danmark, og vore på festival i Sverige, men det har blitt lite reising elles. Eg håpar eg kan reisa litt rundt i Europa til våren, eg må jo nytta meg av at eg bur så sentralt for tida.

6. Kva eller kven har du sakna i 2006, og håper du får meir av i 2007?

Jokke sjølvsagt, og så håper eg at eg får plass på ein skule eg har lyst til å gå på i år, så eg får eit studiemiljø og folk å spela saman med igjen.

7. Kva datoar i 2006 kjem du aldri til å gløyma, og kvifor?

Eg er veldig dårleg på å hugsa datoar, eg har gløymt alle allereie.

8. Kva er det største du har oppnådd i 2006?

Eg er blitt flinkare til å spela fiolin, det ser ut som om eg har greidd å etablera ein joggevane, og eg har tort å flytta aleine til det store utlandet. Og så har eg vore med på å arrangera 14 konsertar, fleire små og ein stor demonstrasjon, på 14 dagar.

9. Kva var din største nedtur?

Den fyrste kvelden i Odense, då alt var nytt og framandt og slitsamt. Morgonen etter var mykje betre.

10. Har du vore sjuk eller skada?

Ikkje skada, noko som er litt rart så mykje som eg har spelt. Men eg har hatt ein del migrene, som har gitt seg, og ein del magetrøbbel. Men eigentleg ikkje noko å klaga over, eg har stort sett vore frisk.

11. Kva var ditt beste kjøp?

Oj, eg veit ikkje. Eg hadde mykje moro med den rosa boleroen min, men eg må då har kjøpt noko betre. Jo, det er hovudtelefonane mine, som har god lyd og som stenger irriterande støy ute.

12. Kven har gjort seg fortent til ros i 2006?

Alle afghanarane som har jobba, og framleis jobbar, for å få opphald, og alle dei som støttar dei. Dei som arbeider for eit nytt, revolusjonært og feministisk parti, og alle andre som gjer sitt beste for at verda skal bli litt betre å leva i.

13. Kven har gjort deg lei deg?

Tåpelege, maktsjuke og manipulerande politikarar, på alle nivå. Men på det personlege planet så har eg hatt veldig få grunnar til å bli lei meg i 2006.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?

Mat, husleige og flyreiser. Alkohol, tobakk og pengespel er heldigvis ikkje store utgiftsposter i mitt budsjett.

15. Kva har gjort deg veldig begeistra og glad?

Overraskingsfesten til Jokke var veldig gøy, det same var Arvika-festivalen og mange andre augneblikk med Jokke. Men det største adrenalinkicket var konserten eg spelte med Ungdomssymfonikerne i Berlin.

16. Kva musikk kjem til å minna deg om 2006?

Sidan eg tenker på, eller speler, musikk nesten heile tida er det eit vanskeleg spørsmål å svara på. Men kanskje eg kan svara David Rovics, sidan han spelte for å støtta afghanarane, og sidan eg har høyrt ein del på han etterpå.

17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du …
a. Gladare eller meir nedstemt? Kanskje litt meir nøgd, og litt mindre spent. Men stort sett er det vel omtrent som i fjor
b. Tynnare eller tjukkare? Veit ikkje, eg har ikkje vekt. Men kleda mine passar like godt no som i fjor.
c. Rikere eller fattigere? Rikare, faktisk. Eg har fått stipend og arv. Men studielånet er framleis stort.

18. Kva skulle du ynskt du gjorde meir av i 2006?

Eg veit ikkje, eg er ganske nøgd med det eg har gjort og ikkje gjort. Men eg skulle gjerne gått meir tur med Jokke eller andre, det er så hyggelig.

19. Kva skulle du ynskt du gjorde mindre av?

Eg skulle gjerne ha brukt mindre tid på å sitta på flyplassar og venta.

20. Kvar var du i jola, og med kven?

Det var Jokke sin familie sin tur i år, så me feira med dei på ei hytte i Sogn. Eg fekk eit par dagar på Voss med min familie og, så eg fekk ete dei viktige tinga som karamellpudding, ribba og serinakaker.

21. Blei du forelska i 2006?

Ja, kvar gong eg møtte Jokke. Og så har eg blitt småforelska i 70-talls Yoko Ono, og i ein fiolinboge.

22. Kor mange one-night stands hadde du?

Ingen, men eg er sikker på at det er andre som har hatt dei eg har gått glipp av, så eg har ikkje dårleg samvit ;)

23. Kva var ditt favorittprogram på TV?

Sidan eg ikkje har hatt TV i år så har eg fryda meg veldig over alle program som har gått når eg har vore i nærleiken av ein tv. Jo mindre politisk korekt, jo betre. Eg liker Top Model, eg.

24. Hatar du nokon no, som du ikkje hata på denne tida i fjor?

Eg er ikkje så god på sånn hating, eg gløymer så fort kva eg var sint for. Dessutan så prøver eg å tenka mest mogleg hyggelige tankar. Eg har begynt å få litte granne rynker, og sidan eg ikkje vil bruka rynkekrem før eg er ferdig med kvisekremane, så satsar eg på å berre få smilerynker

25. Kva bok er den beste du har lest i år, i kategoriane...
a. Samfunn/historie: Guns, Germs and Steel av Jared Diamond
b. Underhaldning, men på den gode, utfordrande måten: Utallige bøker i serien Diskworld av Terry Pratchett
c. Roman: The Color Purple av Alice Walker

26. Kva var den beste musikalske oppdaginga i 2006?

Det er umogleg å svara på, for dei tinga eg vert mest glad for å oppdaga er sånne små detaljar som at eg liker måten ein fiolinist spelar ein bestemt rytme i eit bestemt stykke, eller at eg finn ut korleis eg vil frasera ein melodi. Heldigvis har eg hatt mange sånne oppdagingar i 2006.

27. Kva ynskte du deg til jol som du fekk?

iPod og tv-serie på DVD, og masser bøker.

28. Kva ynskte du deg til jol som du ikkje fekk?

Eg fekk ikkje digitalt kamera, det skulle eg gjerne hatt så eg kunne tatt bilete av folk eg møter og stader eg besøker.

29. Kva var årets beste film?

Det diskuterte eg med Jokke her ein dag, men eg hugsar ikkje kva film eg kom fram til at eg likte best. Hugsar du, Jokke?

30. Kva gjorde du på bursdagen din?

Eg fekk bursdagssong, presangar, kaka og middag, og alt eg peikte på. Det var kjempegøy!

31. Kva ting/person har gjort året ekstra bra?

Ting er lett, det er iBooken min. Person er vanskelegare. Jokke sjølvsagt. Og så Beret. Me gjekk inn i ein symbiose dei siste vekene av sveltestreiken, utan ho hadde eg ikkje fått gjort noko av det eg gjorde. Og foreldra mine, det er utruleg kor mykje lettare livet vert av å vita at ein har foreldre som står klare med mat, pengar eller prat når det trengs.

32. Korleis vil du skildra klesstilen din?

Eg vil ikkje skildra den, det er ikkje så interessant.

33. Kva har helde deg i mental balanse?

Eg trur eit stabilt og godt humør er ein del av fabrikkinstillinga på meg, eg treng ikkje noko for å halda meg i mental balanse.

34. Kva kjendis likte du best?

Eg liker Oprah Winfrey, sjølv om ho er amerikansk og hysterisk. Og så liker eg kongefamilien, sjølv om eg er republikanar. Det er umogleg å ikkje lika å sjå på bilete av pene menneske i pene ballkjolar. Eg likar òg Margaret Olin, fordi ho seier fornuftige ting.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?

Masse, masse, men aller mest flyktningpolitikken. Bjarne Håkon Hanssen er ein av dei få menneska eg trur eg kunne ha spytta på.

36. Kven sakna du i 2006?

Alle, sidan eg stort sett har vore alle andre stader enn i Noreg.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?

Læraren min, Alexander, er eg veldig glad for at eg møtte, for eg har lært kjempemykje av han. Og så sjølvsagt alle eg har møtt i Odense og Berlin.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?

Eg veit ikkje om eg har lært noko som kan oppsummerast i ein kort og fengande setning. Men eg er blitt mykje flinkare til å ta meg fram i framande byar ved hjelp av kart, er det livsvisdom?

39. Ein songtekst som oppsummerar året …

Nei, det har eg ikkje. Men eg kan føya til at eg ikkje likar tre punktum på slutten av ei setning om det ikkje er strengt nødvendig.

Sidan eg veit at Jokke òg likar spørjeskjema, så utfordrar eg han til å svara på alle desse spørsmåla. Og min tidlegare sambuar, Katarina, fordi eg kjenner meg altfor lite oppdatert på kva ho driv med for tida.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Kommentar til punkt 31: Dersom eg hadde skrive ei oversikt over året som har gått kunne det ha stått: Ungane skikkar seg vel og er veldig flinke til å greie seg ute i den store vide verda. Eg har det bra når dei har det bra. Det har vore eit flott år! Eg gler meg til året som kjem, til Berlintur og alt anna.

8:21 p.m.  
Blogger Brage said...

Herregud! Denne var jo langt som et vondt år! Gode svar på enkelte av punkta, dog. Til og med Dagbladet oppsummerte i sin fotokavalkade om året som gikk at afghanerne og sultestreiken kommer til å stå igjen som en av de viktige politiske brytningene i 2006.

5:56 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg vart far ;). Men så er eg vel meir perifer enn nær :P. Kor i verda er du no?

1:18 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home