21 januar, 2007

Ny lukkekake

Eg åt sundagsmiddag på Asia Imbiss i dag igjen, eg trur eg skal laga ein tradisjon av det. Maten er god, og prisen er tysk og låg, rundt 40 kroner for vegetarmaten, ti eller tjue kroner dyrare om du vil ha kjøtt og anna luksus. Lukkekaka eg fekk var òg denne gongen tospråkleg, eg postar den tyske versjonen i dag så lesarane mine får litt tysktrening: Natur, Zeit und Geduld sind die drei besten Ärzte.

7 Comments:

Blogger Ingerid said...

Naturen, tida og løyndomen er elskarens beste kattemat! :D

10:18 p.m.  
Blogger Brage said...

Naturen, tida og tålmodigheten er de tre beste et eller annet...?

9:57 a.m.  
Blogger Fjeldstad said...

Natur, seint hund (som heter) Geduld synd! dø! drei best! Æsj det....

1:48 p.m.  
Blogger Mari said...

Veldig gode forsøk på oversetting her. To poeng til Ingerid for poetisk, men ikkje riktig forslag. Fire poeng til Brage, som har alt rett utanom det siste ordet. Null poeng til Jokke som er heilt på viddene, men som skal ha takk for forsøket. Er det nokon som klarer det siste ordet, og får full pott med fem poeng?

4:35 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Naturen, tiden og tålmodigheten er de tre beste legene? Eller fysikerne?

6:19 p.m.  
Blogger Mari said...

Ra ta ta taaa! Fem poeng og full pott til Ida Sofie. Det riktige er legane, eller doctors som det står i den engelske varianten. Premien er at neste lukkekake eg får blir di lukkekake, og at spådommen eller rådet eller kva no som står i den, blir berre ditt.

7:08 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Yay! ^^

9:43 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home