13 januar, 2007

Ny fiolinboge!

No har eg gjort det. Eg har kjøpt meg ein ny fiolinboge. Eigentleg er den ein litt gammal boge, rundt 70 år, tippar eg. Alle sånne detajar skal stå i sertifikatet som eg får i posten om ei vekes tid. Eg har ikkje tenkt å skriva her kor mykje eg betalte for den, men om eg hadde gjort det så hadde eg fått reaksjonen; hæ? Er det ikkje berre ein trepinne, då?

Eg skal prøva å forklara. Tenk deg at du trenar kvar dag for å bli ein god sprintar. Du spring fort, du spring langt og du spring lenge. Kvar dag. Og så tenk deg at du plutseleg byttar ut støvlane du har sprunge med, dei som er litt for store og glepp på hælen, med eit par lette, gode joggesko. Sånn kjennest det å bytta ut min gamle boge med min nye. Nesten i alle fall.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Til lukke med den nye bogen!

10:51 a.m.  
Blogger Tvillingammemamma said...

Grattis med ny bue! Jeg kjenner igjen den føelsen fra da jeg skiftet stemmefag!

12:10 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Gratulera. Bogen kan ein vel kalla ei investering i framtida. No må du vel berre passa deg for å ikkje verta overivrig og øver for mykje. Det er neimen ikkje alt som held seg i verdi.....

3:38 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Ooh, gratulerer med bue! Det er vel omtrent som når jeg får installert Opera etter å ha blitt tvunget til å bruke Internet Exploiter -- deilig følelse;D

5:50 p.m.  
Blogger Mari said...

Takk for alle gratulasjonane. Bogen er framleis flott, etter to øvedagar.

6:37 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home