10 januar, 2007

Då Gyda samla Noreg

Eg fekk Snorre til jol, og no les eg om våre gamle kongar som herja, sloss, brann folk inne og voldtok så mykje at eg er imponert over at dei fekk tid til alt. Det tok forferdeleg lang tid å reisa på den tida, og dei fleste av dei levde ikkje så lenge sidan dei sloss heile tida, så dei må ha hatt eit ganske tett program. Det artige med å lesa Snorre er at det er ein så stor del av vår kulturarv at sjølv om eg ikkje har lest meir enn dei obligatoriske små bitane på skulen, så kjenner eg til mange namn og hendingar. Men mykje er nytt for meg. Til dømes at det var ei dame som heitte Gyda som sette Harald Hårfagre på ideen om å samla Noreg til eit rike.

I Snorre står det (omsett av Steinar Schjøtt, 1900): "Kong Harald sende nokre av mennane sine etter ei gjente, som heitte Gyda, dotter til kong Eirik fraa Hordaland; ho vart fostra i Valdres hjaa ein storbonde. Kongen vilde hava ho til frille, for di ho var ei ovende væn gjente og heller storlynd."

Harald vil altså ha Gyda, og på heller uraffinert vis så sender han nokon kompisar for å få tak i ho. Men Gyda er ikkje nøgd med det vesle kongerike som Harald rår over, og seier "at ho vilde ikkje spilla møydomen sin til aa faa ein konge til mann, som ikkje hadde større rike enn berre nokre fylke aa raada for." Så kompisane må reisa heim utan å få med seg Gyda. Dei føreslår for Harald at han skal senda fleire folk så dei kan henta ho med makt, men Harald vert ikkje fornærma av avvisninga. Han seier i staden: "ho hev mint meg um de, som eg tykkjer de er underlegt at eg ikkje fyrr hev komi til aa tenkja paa", og han seier vidare "de lovar eg, og eg tek Gud til vitne, som hev skapt meg, og som raar for alle ting, at aldri skal eg skjera eller kjemba haare mitt, fyrr eg hev eigna til meg heile Norig med skatt og skyld og velde, eller so vil eg døy.»

Harald bestemmer seg for å samla Noreg til eit rike for å få tak i Gyda, og etter mykje strev klarar han det. I mellomtida har han gifta seg med minst ni kvinner. Det står i Snorre at då han gifta seg med den tiande, Ragnhild den mektige, så gav han slepp på dei ni fyrste. Han gifta seg òg med Gyda, men om ho kom fyrst eller sist er litt uklart i teksten. Med så mange koner så er det ikkje lett å halda styr på rekkefølgja.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Snorre er morsom lesning. Tror han prøvde å overtale Gyda til å gifte seg med ham ved å gi henne litt viking-konfekt om jeg husker rett. Litt honningsyltet kvann.
Men Gyda ville heller ha hele Norge i presang. Synes vi prater for lite om Gyda, egentlig (c:

11:18 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home