18 januar, 2007

Agent 007

Dei to siste dagane har eg sett to James Bond-filmar, From Russia With Love og Goldfinger. Det er tre ting som slår meg. For det fyrste er James Bond ein arrogant jålebukk og for det andre så er det berre ein type kvinner i filmane; dei kyssbare. Med unntak av den stygge, middelaldrande russiske avhopparen som freistar å drepa Bond i From Russia With Love, er det knapt nokon kvinneroller med replikkar som ikkje endar opp med å klina med jålebukken. Ikkje ein gong dei som seier nei gjentekne gonger.

Det tredje som slår meg er at kvinnene i filmane, sjølv om dei er sexobjekt alle saman, nesten er tjukke samanlikna med damer i filmar i dag. Dei to Bond-filmane eg har sett kom ut i 1963 og 1964, altså for drøyt førti år sidan. Den gongen hadde damer rumper og pupper. Dei hadde til og med store rumper. Og hoftene kunne vera breiare enn skuldra. Dei liknar rett og slett meir på sånne damer som eg ser på stranda om sommaren, i dusjen i symjehallen, eller den dama eg ser i spegelen om morgonen. Eg vil ikkje tilbake til kyssedokkene på 60-tallet, men kan lova dykk ein ting: Etter revolusjonen skal filmane vera fylt av dissande rumper med cellulittar, og det skal vera bulk på magen på alle!

5 Comments:

Blogger Ingerid said...

I filmar som er meir enn ca 15 år gamle er det og mykje meir røyking. Der kan til og med dei snille røykja heilt vanlege sigarettar.

Ikkje at det er noko ideal, men eg synst generelt at folk på film var litt meir 'normale' før, om enn litt naivt framstilt.

12:15 p.m.  
Blogger Mari said...

Det er sant, det var litt mindre perfekt før, og litt meir sånn som oss dødelege. I opninga av Goldfinger er det eit nærbilete av ansiktet til ei gullmalt dama. Og trur du ikkje ho har ujamn hud med store porer! I dag tar jo retusjeringa vekk alt sånt, så på ein måte kan ein sei at teknologien er blitt for bra.

2:41 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Haha mari, du har jo ikkje akkurat stor rumpa då ;)

10:43 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Ja, tenke seg til at de viste damer som faktisk hadde spist mat og som ikke så ut som de nettopp var sluppet ut av en eller annen konsentrasjonsleir... *pust inn*

Bare bekrefter det jeg lenge har hatt en mistanke om, alt var bedra da æ hva ung.

4:24 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kan vi få det kravet inn i prinsippprogrammet?

Jeg lenka til deg, f'resten *ping*

1:07 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home