14 januar, 2007

Lukkekake

Eg kjøpte ta-med-mat i dag, fordi eg ikkje hadde noko å laga middag av. Ikkje hadde eg så lyst til å laga mat heller, så å gå på Asia Imbiss borti gata var eit fristande alternativ. Eg bestilte tofu i grøn karry, og for fyrste gong i mitt liv fekk eg med ei lukkekake. Eg har berre høyrt om dei, særleg i amerikanske filmar og seriar, der det verkar som om alle får lukkekaker kvar gong dei kjøper kinamat. Eg var naturleg nok litt spent på å få ta del i denne tradisjonen, som ikkje er kinesisk, men som ein trur stammar frå San Francisco eller Los Angeles. Men det ikkje var noko stor oppleving, kaka var tørr og smaklaus og spådommen kjennest ikkje veldig personleg og treffsikker ut. Men det var hyggelig å lesa at: Nothing works without you. Everybody counts on you.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

For to juler sia laga vi våre egne lykkekaker, med egne "spådommer"/meldinger -- det var ganske morsomt:) Kan grave fram oppskrifta viss du vil?

10:04 p.m.  
Blogger Mari said...

Ja! Då vil eg ha meldinga Revolusjonen kjem! Hurra! i alle mine.

7:44 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Kul ide! Jeg skal finne fram boka og få skanna de par-tre sidene med lykkekakeoppskrift:)

12:16 p.m.  
Blogger Mari said...

Du treng ikkje å stressa med det, for å eg får ikkje bakt noko før eg kjem hem til Noreg og ein skikkelig komfyr. Men tenk så kult å ha sine eigne revolusjonære lukkekaker. Eg vil baka dei til namnefesten til Det Nye Partiet. Det blir litt av ein fest!

7:05 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kako veit ka ho snakkar om.

9:20 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home