12 februar, 2007

Jubileumshelg

I byrjinga av februar 2000 møtte eg Jokke, og sjølv om me ikkje har vore kjærastar heile tida så var det på sin plass å feira sjuårs-jubileum denne helga. Jokke kom til Berlin på fredag kveld, og laurdag gjekk me på Berlinale, filmfestivalen i Berlin, og såg ein kunst/dokumentar-film som dessverre ikkje var særlig god. Men middag me åt etterpå var kjempegod, så det gjorde ikkje så mykje at filmen skuffa litt. På sundag dilla me litt rundt i byen, og fann ein kjempekul steinlabyrint og ein hyggelig kafé. Dessutan har eg sett ein slags rekord i helga, eg har kyssa Jokke tusen gonger. Det er det ikkje mange som har gjort!

Det blir ikkje særleg mykje blogging framover, eg har ikkje tid til så mykje anna enn å øva. Men eg må tydeligvis passa på å ta meg litt fri av og til, for læraren min har aldri vore så nøgd som han var i dag, sjølv om eg ikkje har øvd i det heile tatt i helga. Eg speler nok betre når eg er utkvilt, lukkeleg og forelska.

7 Comments:

Blogger Ingerid Jordal Express said...

Hvis du kjem inn på musikkhøgskulen no, er du slikt eit perfekt og fullkome menneske at eg nesten trur eg må avskriva deg.

Grattis med jubileum!

:)

10:53 AM  
Blogger Mari said...

Eg søker heldigvis ikkje på musikkhøgskulen. Å ikkje komma inn tre gonger (ok, eg kom inn på ped.studiet, men det tells ikkje) bør vera eit hint om å ikkje søka igjen.

6:12 PM  
Blogger Ingerid Jordal Express said...

hæ?


...men ka e det du øve te no du då?

10:22 PM  
Blogger Mari said...

Konservatoriane i Stavanger, Trondheim og Krisitansand, og så Barratt-Due i Oslo, som er ein privat skule.

7:38 AM  
Anonymous Tiram said...

Har du telt hvor mange ganger du har kyssa Jokke?!

8:13 PM  
Blogger Mari said...

Sånn omtrent, ja. Det var hardt arbeid :)

8:31 PM  
Blogger Anna said...

grattis med jubileum!

5:36 PM  

Legg inn en kommentar

<< Home