18 mars, 2007

Lenge sidan sist

Eg har gjort masse sidan sist eg blogga, så her er ein oppsummeringspost:

Prøvespel
Etter tre veker med minimum seks timar fiolinspeling om dagen, byrja prøvespelsveka. Eg spelte i Trondheim, Stavanger, ikkje i Kristiansand, for der avlyste dei prøvespelet mitt, og på Barratt Due i Oslo. Stort sett så spelte eg så godt som eg kan, og eg var veldig spent då opptaksveka var over, og eg kunne byrja å venta på svar. Fyrst så fekk eg svar frå Trondheim og Barratt Due, der kom eg ikkje inn. Så gjekk eg rundt og var nervøs i to dagar, og grubla masse på kva eg skulle gjera om ingen ville ha meg. Men så fekk eg ein epost frå Stavanger, og der var eg komt inn! Etter det så har eg smilt nesten heile tida, for i Stavanger er det ein god lærar, mange andre fiolinstudentar, og dei har mange orkesterprosjekt, noko som dei ikkje har i Bergen. Eg gleder meg til å fullføra bachelorgraden min der.

Holmenkollen
I går vart eg ein ekte nordmann. Eg var i Holmenkollen og såg på langrenn og hopp saman med Jokke. Det var strålande sol, litt mykje vind, men det betyr jo berre at eg fekk ekstra mykje frisk luft, og eg oppdaga at sport er mykje meir spennande når det skjer rett ved sida av deg enn når det skjer på tv. Det var ganske overraskande å sjå at langrennsspora ikkje er gjerda inn, så publikum kunne stå heilt tett på, og kryssa det om me ville. Løparane fauk forbi i kjempehøg fart, så snøen spruta og stavane vifta faretruande nær oss som såg på. Etter at dei var ferdige med skigåinga var det ein lang pause, der eg og Jokke las avisa, titta på folk og åt pølse i lompe. Men etter ein time eller to hadde vinden løya så mykje at hopprennet kunne starta. Av ein eller annan grunn så var det ingen som selde billettar, så me kunne tusla rundt i heile anlegget og finna den beste plassen der me såg heile bakken.

Sjølv om det var litt kaldt av og til, så var det kjekt å vera ein dag i Holmenkollen. Det beste var nesten kjensla etterpå, då eg var god og trøtt av all den friske lufta, av sola og av alle tinga eg hadde sett. Jokke sovna på sofaen medan eg såg tv, og då me gjekk og la oss sov me som steinar heile natta.

Gitarhelt
Kristine, den nye sambuaren til Jokke og Erik, har det fantastiske tv-spelet Gitarhelt (eller Gitar Hero som det eigentleg heiter). Det går ut på å ha ein leikegitar på magen, med fem fargekoda knappar og ein knapp som liksom er strengane, og å "spela" riktig knapp til riktig tid. På skjermen er det eit liksomband som spelar, og knappar som kjem mot deg, og som du må treffa for å få poeng. Eg er blitt skikkelig flink på dei lette songane, og skal snart avansera til neste nivå. Det er utruleg kjekt å gjera noko som ikkje er nyttig, nødvendig eller på noko som helst måte fornuftig, berre gøy. Og når eg kjem inn i det, og ingen ser på, så rockar eg skikkelig og trur nesten at eg speler i eit kult band på ei stor scene medan publikum går bananas.

Raudt, Rødt, Rukses eller Ruoksat
Det er blitt skipa eit nytt parti sidan sist, som sjølvsagt har fått namn på bokmål, nynorsk, og to samiske språk. Eg er optimist på partiet sine vegner, og skal kasta kreftene mine inn i Raudt Stavanger. Det er fint å ha eit, og ikkje to, parti å vera med i.

3 Comments:

Anonymous Anonym said...

Gratulerar med studieplass i Stavanger. Det er vel fortent etter all den øvinga. Ferie i Oslo med Jokke, Holmenkollsundag og dataspel er òg svært velfortent.

12:15 p.m.  
Blogger Ingerid said...

Grattis!

5:12 p.m.  
Blogger Kjetil said...

Stavanger? Kjem du ikkje attende til Hordaland snart, og lagar revolusjon?

2:58 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home