20 april, 2007

Takk

I dag såg eg, for fyrste gong etter nesten åtte månadar i Berlin, byen som har fleire hundar per innbyggar enn Færøyene har sauar, nokon som plukka opp bæsjen etter hunden sin. Til mannen med det grå håret og dei rare brillene, på vegne av mange: Takk.

Elles kan eg fortella at eg vart vitne til eit drama på liv og død her om dagen. Trur eg. Ei kråke flaug inn i grantreet der dua eg har fulgt med på dei siste vekene har bygd reir. Kråka vart fyrst jaga av dua, men kom tilbake og vart ståande og hakka omtrent der reiret er ei stund. Så no reknar eg med at det ikkje er så mykje håp om å få sjå små duer som flyr for fyrste gong. Men dua som bygde reiret er i bakgården støtt og stadig like vel. Etter nærmare lesing på Wikipedia har eg lært at duer vanlegvis legg to kull med egg i året, kanskje ho prøver igjen. Eg har òg lest ein gong til om dei ulike dueartane, og sett på bileta, og eg trur det er ei ringdue, og ikkje ei skogsdue som eg fyrst trudde. Eg lo alltid litt av faren min som interesserte seg sånn for fuglane i hagen heima, men no har eg blitt sånn sjølv. Til neste bursdag skal eg ønska meg ei fuglebok.

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Du skal berre vere glad for at det er far din du liknar på!

8:50 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Skal ta det opp på neste allmøte...:-)

11:16 p.m.  
Blogger Tor said...

Jeg blir helt rørt jeg Mari. Det jeg er glad for er at du bryr deg om de levende vesenene som du "treffer", enten det er afganere i Oslo, gamle menn som plukker opp hundedritt eller duer som prøver å avle unger. Kanskje du til og med bryr deg om kråka som er sulten?

Men det er noe spesielt med fugler synes jeg da :-)

10:27 a.m.  
Blogger Mari said...

Oddny: Meiner du at alternativet er verre? ;-)

Berit: Det er fint.

Tor: Eg tenkte faktisk litt på at kråker må ha mat, dei òg. I dag såg eg ein hakkespett med raudt på hovudet, men då eg såg etter i Wikipedia så viste det seg at det er veldig vanleg for hakkespettar, så eg veit ikkje kva type det var. Og så såg eg eit ekorn som gjorde så godt det kunne for å vera på andre sida av treet enn det eg var. Det er kjekt å ha ein joggeskog med dyr i.

9:02 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Nei, då Mari, ikkje verre, berre annleis ;-)

Du kan lese om kvifor hakkespetten har raud hette i eventyret Gjertrudsfuglen. Ikkje naturfag akkurat, men likevel ....

1:28 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home