25 april, 2007

Sukk

Sjølv om Jokke meiner det er for privat til å bloggast om så fortel eg det: Me skal gifta oss. Det er sjølvsagt veldig hyggelig og fint, og eg er glad. Men det som ikkje er så fint er kor vanskeleg det er å arrangera bryllup. Fyrst må ein bestemma kor mange gjester ein skal ha. Om eg tar med alle tanter, onklar, søskenbarn, besteforeldre, foreldre og søsken, og det blir ikkje skikkelig fest utan heile familien, kjem eg opp i omtrent 40 menneske. Og så vil eg gjerne invitera 10-15 venner. Det blir 50-55. Og viss det skal vera retferdig så må det gangast med to. Jokke har litt mindre familie enn meg, men fleire venner. Og plutselig er det 100 gjester. Det er vel realistisk at mellom 70 og 80 av dei kjem. Så då må ein finna eit lokale som er stort, billig, fint, og der det er lov å ta med mat og drikke. Og ikkje minst ledig. Fleire stader eg har ringt kan dei elskverdig fortella at alt er opptatt i oktober og november, og det har vore det lenge.

Men ein stad er det ledig. Problemet der er at dei er så inkompetente på kontoret at etter tre dagar med ringing (eg får berre telefonsvarar, og ingen respons på beskjedane eg har lagt igjen) og epostveksling har eg fått vita: "vi har ledig f.eks. 17. november" Ingenting om pris, fleire ledige dagar eller kva som finst av dekketøy på kjøkkenet. Og kontoret er stengt, av alle ting, på onsdagar. Pføy. Men i morgon prøver eg igjen.

12 Comments:

Blogger Tvillingammemamma said...

Heia Mari! Håper det løser seg, og si ifra hvis det er noe jeg kan hjelpe deg med!

10:53 p.m.  
Blogger Hillevi Spinnvillevi said...

Åi? Hurra og gratulerer!

3:38 p.m.  
Blogger Engeline said...

hurra og alle varme gratulasjoner og alt godt og så veldig kjekt! Dagens virkelige gladnyhet!

4:02 p.m.  
Blogger Mari said...

Takk for gratulasjonar og tilbod om hjelp. I dag ringte dei endeleg, og viss Jokke er einig med meg (det er litt dyrt, men veldig fint) så har me festlokale i boks.

5:12 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Gratulerer så mye! Hipp hurra! Godt å høre at dere har lokale i boks.

10:33 p.m.  
Blogger Hillevi Spinnvillevi said...

Ja, hurra for det!

10:37 p.m.  
Blogger Brage said...

Gratulerer så meget! Jeg gleder meg!

2:49 a.m.  
Blogger Mari said...

Så kjekt med gratulasjonar. Takk, takk. På lokalefronten har Jokke overbevist meg om at det lokalet eg ville ha var for dyrt, og no satsar me på eit som er mykje billegare, og håpar det er ledig der.

5:15 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Gratulerer så masse! Skal du bare ha 10-16 venner? Du må da ha mange fler enn det!? Betyr det at jeg ikke kan komme?

Når jeg skal ha bryllupsfest er du selvfølgelig invitert. Men det blir ikke helt ennå.

Hvem skal være forlovere?

10:00 p.m.  
Blogger Mari said...

Ragnhild skal vera forlovaren min, Jokke trur eg ikkje har bestemt seg for kven han skal ha. Når det gjeld invitasjonar så skal me finna ut kor mange me får plass til no på sundag, og så skal me skriva gjestelista, og så kan eg sei kven som blir invitert. Men eg ville ikkje ha bekymra meg om eg var deg, Katarina, du står høgt på lista over folk eg vil invitera.

10:35 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hurra! Så gøy!

Danny og jeg leide sirkustelt og hadde plass til alle som ville komme- det kostet ganske lite penger. Men det er sommer-avhengig, selvsagt (c:

Åh- dere er Søte (c:

1:04 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Gratulerer begge to! Eg synest at det viktigaste er at de er glade i kvarandre. Bryllaup er svindyre. Taksameteret begynner å gå straks de nemner ordet. Gjer det billeg og bli lukkelege! Lisbetmoste har ein teori om at suksessen i ekteskapet er omvendt proporsjonalt med prisen på bryllaupet. Inge og Tove hadde 90 gjester til kaffi. Sjå korleis det gjekk:-(
Eg synest at du skal invitera nokon av dine gode venner i staden for oss gamlingane. Heilt ærleg! Så kan me møtast i Trudvangvegen 41 i sommar og feira med ein is medan me ryddar (hint-hint) :-D
Berre til Jokke: Du er heldig! Mari er super. Klem frå Signymoste (til Mari)

11:27 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home