Menneske = mann?
Feministar, som meg, hevdar ofte at me lever i eit samfunn der menn er norma, og kvinner ikkje vert rekna som fullverdige menneske. Mange avviser det, og forklarar vår bisarre oppfatning av samfunnet med at feministar er stygge eller lesbiske, eller alle helst begge deler. Men dagbladet.no seier det rett ut, med overskrifta Annenhver somalier tygger khat. Det kjem fram i artikkelen at mellom 50 og 70 prosent av somaliske menn tygg khat. Dagbladet er så venlege at dei anerkjenner somaliske kvinner sin eksistens med å skriva om dei som offer for kaht-tygginga.
Til den dagen eg ser overskrifta 34 prosent av det norske folk bruker p-piller, (og det ikkje er fordi det har kome p-piller for menn på markedet) kjem eg til å fortsetta å vera feminist, sjølv om det gjer meg stygg og/eller lesbisk.

3 Comments:
Ord! Lagt til i bloggfilteret:)
Du kan ikkje påberopa deg nokon av dei karakteristikkane! Litt artig at stygg og lesbisk har så godt som blitt synonymer for alle dei som reknar seg som fine og hetero og kjem antageligvis snart til å smelta saman i eit ord.
Korøleis vert det ordet? Styggbisk? Lesbygg?
Du les det fyrts i Dagbladet!
Eg trur det blir kortforma lygg. Det blir spanade å sjå når ordet dukkar opp, du har sikkert rett i at det blir i Dagbladet.
Legg inn en kommentar
<< Home