Litt sjølvskryt
Kvar gong eg les i avisa at ei ny undersøking viser at studentane no til dags er så late, så lurer eg på kva studentar som har vorte spurt. Det er i alle fall ikkje musikkstudentar. Om nokon hadde spurt meg så kunne eg fortalt at denne veka har eg brukt omlag 47 timar på studiane mine, med andre ord, eg har spelt fiolin i nesten sju timar kvar dag. Og det er ikkje medrekna matpausar eller anna tull. Ulempen med å bu aleine er at om eg ikkje fortel det til nokon, så er det ingen som veit kor flink og arbeidssam eg har vore. Derfor litt sjølvskryt i bloggen før eg øver vidare.
9 Comments:
Det er ikkje tvil hjå meg. Du er kjempeflink og arbeidsam, og den beste fiolinstudenten som finst. Lukke til med prøvespel.
jeg synes du er flink!
Takk, takk, begge to. Det var akkurat den responsen eg håpa på å få :)
Hehe, slutter meg til de øvrige. Jeg hadde aldri klart å øve sju timer daglig uansett hva jeg spilte.
Jeg koser med Masja minst syv timer daglig! Det er ikke spilling, og det trengs ikke så mye konsentrasjon for å gjøre det da :)
Eg er stolt over å vera i famile med deg,....men eg er ikkje stolt over staten sitt tilskot til studentane.
Neeeei, eg treng ikkje vera anonym.
Du får innspirere min tyske venn, Mari! :)
du er en helt, et ekte forbilde for oss andre. På mange måter. Helt oppriktig ment.
Legg inn en kommentar
<< Home