18 februar, 2007

Litt sjølvskryt

Kvar gong eg les i avisa at ei ny undersøking viser at studentane no til dags er så late, så lurer eg på kva studentar som har vorte spurt. Det er i alle fall ikkje musikkstudentar. Om nokon hadde spurt meg så kunne eg fortalt at denne veka har eg brukt omlag 47 timar på studiane mine, med andre ord, eg har spelt fiolin i nesten sju timar kvar dag. Og det er ikkje medrekna matpausar eller anna tull. Ulempen med å bu aleine er at om eg ikkje fortel det til nokon, så er det ingen som veit kor flink og arbeidssam eg har vore. Derfor litt sjølvskryt i bloggen før eg øver vidare.

12 februar, 2007

Jubileumshelg

I byrjinga av februar 2000 møtte eg Jokke, og sjølv om me ikkje har vore kjærastar heile tida så var det på sin plass å feira sjuårs-jubileum denne helga. Jokke kom til Berlin på fredag kveld, og laurdag gjekk me på Berlinale, filmfestivalen i Berlin, og såg ein kunst/dokumentar-film som dessverre ikkje var særlig god. Men middag me åt etterpå var kjempegod, så det gjorde ikkje så mykje at filmen skuffa litt. På sundag dilla me litt rundt i byen, og fann ein kjempekul steinlabyrint og ein hyggelig kafé. Dessutan har eg sett ein slags rekord i helga, eg har kyssa Jokke tusen gonger. Det er det ikkje mange som har gjort!

Det blir ikkje særleg mykje blogging framover, eg har ikkje tid til så mykje anna enn å øva. Men eg må tydeligvis passa på å ta meg litt fri av og til, for læraren min har aldri vore så nøgd som han var i dag, sjølv om eg ikkje har øvd i det heile tatt i helga. Eg speler nok betre når eg er utkvilt, lukkeleg og forelska.