29 juni, 2006

Sommarferie

No har eg skikkelig sommarferie. Eg bruker framleis mykje tid på å jobba for at afghanarane ikkje skal bli kasta ut, og for at dei skal ha mat og tak over hovudet medan dei venter på ein avklaring, men det er jo berre morosamt. I tillegg øver eg litt kvar dag, eg tar oppvasken og vasker kle, og så koser eg meg med å bu saman med Jokke. Det er veldig fint å bu i Oslo. Støyen frå trikken og dei tusen naboane vert vegd opp av alle resturantane, kafeane, kinoane, menneska, parkane og alt det andre som gjer det hyggelig å bu i ein stor by.

På onsdag begynner pionerleiren, så i morgon skal eg og Jorunn og Hans Petter køyra til leirstaden for å sjå korleis det er der og legga litt planar. Eg må hugsa å ta med badekle, me må jo undersøka bademoglegheitene nøye.

18 juni, 2006

Soveposejakt

Då eg vart vekt tidleg på fredag morgon med beskjeden om at politiet var på veg, fekk eg pakka saman soveposen min. Men å passa på ein sovepose og å sitta i lenkegjeng går dårleg saman, så eg mista den av syne og har ikkje sett den seinare. Så i kveld tok eg ein liten titt rundt om i leiren for å sjå om eg fann den. Det tok eit halvt minutt før alle afghanarane byrja å leita. Det vart ropt eit par beskjedar på dari, og plutseleg var alle på beina og løfta på tepper og viste meg alle grønne og svarte soveposane dei fann. Men ingen av dei var mine.

Det gjer ingenting. Ein sovepose er ikkje så viktig. Men eg er veldig glad for å ha fått så mange venner som, sjølv om dei ikkje kjenner meg så godt, står parat til å løysa alle praktiske problem eg måtte ha. Sjølv dei som har sveltestreika i 23 dagar insisterte på å reisa seg og sjekka om dei kanskje låg på soveposen min. Sjølv om det ikkje er kult at dei må sveltestreika for å bli høyrt av norske myndigheite,r har det gitt meg moglegheita til å verta kjent med mange fantastiske menneske.

13 juni, 2006

Bloggproblemet

Problemet med å blogga er at når det endeleg skjer noko som er verdt å blogga om, så har eg ikkje tid til å skriva. Eg har jobba med kulturstafetten til støtte for dei sveltestreikande afghanarane dei siste dagane, og brukt masse tid på å ringa rundt, snakka med folk, og på å vera i teltleiren. Eg har ikkje gjort så mykje interessant på lenge, Men eg har ikkje tid til å skriva om alt. Det får halda å skriva at David Rovic heldt ein strålande konsert i kveld, og at cabare-gruppa Sjel og showtime skal opptre i morgon, berre me klarar å skaffa eit eller anna tangentinstrument til dei. Så viss nokon har eit elektrisk piano eller ein synth til låns, er det berre å ta kontakt. Men no må eg legga meg, eg skal stå opp tidleg for å vera med på morgonsendinga til RadiOrakel.

09 juni, 2006

Kulturstafett for dei sveltestreikande afghanarane

No har eg endeleg noko å skriva om. I dag var eg bortom Domkyrkja og besøkte teltleiren til dei sveltestreikande afghanarane. Dei er no 104 menneske, dei som har streika lengst har ikkje ete på 15 dagar. Eg trur på dei når dei seier at dei fryktar for liva sine om dei må tilbake til Afghanistan. Ingen lar vera å eta i to veker berre for moro skuld. Eg leverte støtteerklæringa frå Bergen Raud Ungdom sin vårleir, og dei vart veldig glade for den. Seinare på kvelden fekk Jokke ein melding frå ein kamerat som heiter Martin, som ville visa sin støtte gjennom ein liten konsert. Det var jo ein strålande ide, og etter konserten bestemte me oss for å dra igang ein kulturstafett.

Så no blir det kulturinnslag kvar kveld klokka sju utafor Domkyrkja. I morgon kveld tar eg med fiolinen og speler noko, og så får me sjå om det er nokon som tar opp stafettpinnen. Det treng ikkje å vera mykje, eller veldig proft. Det viktigaste er å visa solidaritet og engasjement, og å bidra til å halda humøret oppe hjå dei som sveltestreiker. Afghanarane har det meste av det praktiske rundt sveltestreiken på plass, dei har fått eit par toalett og har nok tepper. Det dei treng er sitteunderlag å sitta på, no bruker dei pappøskjer, men aller mest støtte frå oss nordmenn. Så viss du har sitteunderlag, musikk, dikt, teater, song eller eit vennleg smil å bidra med, er du hjarteleg velkommen til Domkyrkja kvar kveld klokka sju så lenge streiken varer.