28 mars, 2006

Endeleg litt regn

I går i sju-tida på kvelden kom eg tilbake til Odense etter ein lang dag med dårleg flyplass- og togluft. Det var kjempedeilig å komma ut av stasjonen til mildt vårregn og god luft. Det regnar kanskje litt mykje i Bergen, men her i Odense regnar det altfor sjeldan. Eg liker vær med litt motstand i, som ein merker at er der og som ein må ta hensyn til. Dessutan så blir det liksom litt ekstra effektivt å vera ute når det regnar, snør eller bles. Då treng ein ikkje vera så lenge ute før ein er kald og våt og raud i kjakane, og det er jo poenget med å gå ut.

Eg hadde det veldig fint i Oslo i helga. Størstedelen av den var eg på AKP sin revolusjonskonferanse. Det var ganske mange folk, utruleg mange gode, heimalaga kaker i kiosken og fine innleingar og diskusjonar. Mi innleiing gjekk fint, og eg er litt stolt over at eg heldt eit innlegg i plenumsdebatten om samanslåinga av RV og AKP. På sundag åt eg og Jokke på Mecca som ligg nede ved Akerselva. Om ein ser vekk frå dei trege servitørane er det ein fin stad å eta. Det er hyggelig der, og dei har ein god hamburgermeny. Hamburgar kan vera alt frå søppelmat til godt, grovt brød, skikkelig kjøtt og spennande tilbehør, og hamburgarane på Mecca tilhøyrer den siste kategorien. Og så har dei smoothies og milkshakes, og det er alltid godt etter ein hamburger. Me såg òg ein film, Skjult, på sundag. Eg reknar med at Jokke skriv ein omtale av den på sin blogg. Eg likte den sånn passe godt, den var litt treig. Men det var ein fin film å diskutera over middagen etterpå, den tok opp korleis Frankrike behandlar sine innvandrarar. Eg gleder meg til påsken, eg har ei lang liste over filmar eg vil sjå på kino.

24 mars, 2006

Merkelege øyreopplevingar

No er eg i Oslo, eg gjekk heimafrå klokka fem i dag tidleg for å rekka toget til Kastrup, og flyet til Oslo. Eg har gitt ein lege 260 kroner for å bruka eit minutt på å fjerna voksproppane eg hadde i øyrene, det kjentest litt ut som å bli rana. Men dei måtte ut før eg kunne få øyrene proppa fulle av blå silikon. Då silikonen var stivna, og den hyggelige mannen hadde lirka den ut igjen, kunne eg sjå at øyregangane mine er overraskane lange, og kroker seg oppover. Dei er ikkje slik eg alltid har trudd dei er, men så har eg aldri sett nøye etter, heller. Når eg kjem tilbake til Oslo i påsken skal det ligga to proppar i gjennomsiktig plast og venta på meg. Dei tetter øyrene heilt igjen, og i midten har dei eit filter som tar vekk så og så mange desibel av all lyd eg høyrer. Eg skal fyrst prøva med eit filter som tar vekk 15 desibel, men det er mogleg det er for mykje og eg vil gå ned til 9. Det er ganske kult at det går ann, og det kjem til å bli ein nytelse å proppa igjen øyrene neste gong eg vert sittande framfor piccolofløyta i eit orkester.

21 mars, 2006

Flødewiener

Sidan eg no har bestemt meg for å reisa frå Odense i slutten av mai, og det ikkje er så altfor lenge til, så har eg tenkt å bli litt betre kjent med den lokale matkulturen. Eg har gitt opp rugbrød, det er for kraftig for meg, men dei fem bakeria og konditoria eg syklar forbi mellom heima og skulen har masse kaker og bollar i ulike størrelsar. I dag kjøpte eg ein flødewiener til 11,50. Det var ein stor bolle laga av wienerbrøddeig, og fyllt med krem og syltetøy. Eg åt den øverste delen fyrst, og vart positiv overraska. Verken bollen eller kremen var for søt, og kakaodrysset på toppen var ein fin detalj. Med store forventningar byrja eg på den nederste delen. Den viste seg å bestå av omtrent tre gonger så mykje krem som bolle, og min fyrste reaksjon var: Mmm, krem er godt. Etter kvart som eg åt meg gjennom bollen gjekk eg frå krem er fantastisk-stadiet, via er det ikkje litt mykje krem no?-stadiet til aldri meir krem-stadiet, og der trur eg at eg blir i nokre dagar framover. Men når kvalmen gir seg kjem eg tilbake med fleire opplevingar frå den danske matkulturen.

19 mars, 2006

No er det vår!

I dag sykla eg inn til byen med småsko og den fine skinnjakka eg har arva etter Oddny, og kjente at no er det vår. Kjensla vart ikkje mindre etter ein time i solveggen på eit torg medan eg skreiv på innleiinga mi til AKP sin konferanse Revolusjon! neste helg. Då eg kom heim igjen syntest eg at eg hadde fått mange fleire fregner, men det var kanskje innbildning. All snøen i hagen er smelta, og snøklokkene og nokre gule, danske blomar eg ikkje veit kva heiter blømer i blomebedet utafor døra. Dei som budde her før Jørgen flytta inn hadde nok ein fin hage, men no er det berre dei vekstane som klarer seg sjølv som har overlevd. Eg trur våren i Odense blir kjempefin, sjølv om den nok ikkje kan slå Nygårdsparken når rhododendronen og dei japanske kirsebærtrea blømer.

Eg håper det er vår i Oslo neste helg, for då skal eg dit. På fredag føremiddag skal eg fyrst skylla øyrene mine for øyrevoks, og så skal eg få støpt meg øyreproppar som skal dempa all lyd 15 decibel. Ein fiolin kan laga 100 decibel, og i tabellen i brosjyra for øyreproppane står det at ein ikkje bør opphalda seg i 80 decibel i meir enn 15 minutt. Eg speler nok ikkje i 100 decibel alle fem timane eg øver kvar dag, men øyrene mine har nok godt av å bli verna mot litt av lyden. Resten av helga skal eg vera på revolusjons-konferansen. Det blir fint å sjå folk igjen og vera litt politisk til ein forandring. Og så har eg og Brage eit speleprosjekt som det blir spennande å sjå kva kjem ut av. Men mest av alt gleder eg meg til å møta Jokke!

15 mars, 2006

God fiolintime

I går var ein dårleg øvedag. Det har det forsåvidt vore i dag òg. Mykje av dagen har gått med til å skaffa nødvendige ting som p-piller, mat og nye sko. Eg skulle eigentleg ikkje ha time før i morgon, og tok meg til og med tid til ein kafetur. Men medan eg satt der og drakk kaffi og las Going postal, som eg trur er mi favorittbok i serien om Diskworld av Terry Pratchett, ringte læraren min og ville eg skulle komma til time i kveld. Han gjer sånt ofte, eg har berre hatt time på det tidspunktet som står i timeplanen ein gong. Så då var det berre å sykla heim og øva.

Men om ein time vert god eller dårleg heng pussig nok ikkje alltid saman med kor godt førebudd eg er, og denne timen var veldig god. Den hadde ein passe blanding av ting eg fekk til, så eg fekk litt skryt, og ting eg ikkje fekk til, så eg har noko å jobba med. Læraren min er flink til å sjekka korleis det går med ulike øvingar han har gitt meg. I dag sjekka han vibratoen min, (som begynner å komma seg, men 1. fingeren (peikefingeren) er framleis dårlegare enn dei andre) spiccatoen min, (som han var veldig nøgd med, eg skal berre øva meir på den litt lange og mjuke typen) handstillinga mi (den er fin) og fire ulike etydar som eg speler. Eg fekk eit par nye øvingar, og så jobba me med Romanse av Svendsen til det hadde gått ein og ein halv time og timen var slutt.

Det var litt fiolinnørding, det er godt å få det ut. I kveld skal eg eta middag med den hyggelige norske utvekslingsstudenten, og forhåpentleg vis prata om litt andre ting enn musikk òg.

14 mars, 2006

Dårleg øvedag

Eg har ein dårleg øvedag i dag. Eg har litt vondt i hovudet og er litt trøtt, og sjølv om eg ikkje merkar hovudverken når eg speler er det veldig tungt å komma igang. Men eg har spelt fem timar om dagen i to veker, så eg har sikkert ikkje vondt av ein liten pausedag. I dag fekk eg vita når eg skal levera oppgåva mi i auditiv analyse, og eg har begynt å planlegga våren og sommaren. Det er så mykje eg har lyst å gjera, eg får nok ikkje tid til alt. Viss eg ikkje får nokon av dei stipenda eg har søkt på må eg faktisk jobba for å tena penger så eg har mat medan eg bur i Berlin.

Akkurat no har eg 1 kroner og 25 øre i lommeboka. Heldigvis kjem pengane frå lånekassa i morgon, men det er litt irriterande å ikkje ha pengar til å sitta på kafe og drikka latte og lesa akkurat i dag når eg ikkje får gjort noko fornuftig likevel. Det er mange som synest det er flaut å sitta på kafe aleine. Eg synest det er kjempefint, særleg om eg har god tid og får god kaffi. Det er fint å sitta saman med nokon òg, men eg tenker så godt når det er folk rundt meg som lagar sånn passe høg og passe interessant summelyd. Då kan eg sitta og skriva ei innleiing eller oppgåve, og når eg blir lei av det kan eg løfta blikket og sjå på folka rundt meg eit minutt eller to, og så kan eg jobba vidare. Det er ikkje det same å sitta heime. Eg blir litt for avslappa av det og mister konsentrasjonen. Sånn som i dag, eg får nok verken øvd noko særleg meir eller lest musikkhistorie i dag.

08 mars, 2006

Skal eg flytta til Berlin til hausten?

Gratulera med dagen, damer! Eg veit det er 8. mars i dag, men det er allereie skreve så mykje klokt om feminisme (sjå for eksempel denne sida der mange blogginnnlegg er samla: http://www.androida.net/0803/) at det meste er sagt. Og det er, for å vera heilt ærleg, noko som opptar meg meir for tida enn feminisme, og det er; skal eg flytta til Berlin til hausten?

Eg tenkte eg skulle legga fram fordelar og ulemper, og så opnar eg for ei rådgjevande folkeavstemming.

Fordelar med å flytta til Berlin:
1. Læraren eg eventuelt skal studera med der, Alexander Grothe, er systematisk, ambisiøs og fokuserer på teknikk, og det har eg godt av.
2. Mor hans leiger ut leilegheiter/hyblar, og eg kan bu for omtrent 2000 kroner i månaden. Eg veit ikkje om nokon annan stad eg kan betala så lite, og øva.
3. Eg trur mat er billegare i Tyskland enn i Noreg.
4. Berlin er ein by med fantastisk mange konsertar og orkester og musikarar, og eg kan sikkert få mange fine opplevingar.
5. Ei studievenninne frå Bergen skal flytta dit for å studera med same læraren, og ei anna studievenninne er der allereie, men ho veit ikkje om ho blir buande etter sommaren, så eg har minst ein venn der.
6. Det er kult å kunna sei at eg har budd i utlandet, og Berlin er mykje meir utland enn Odense.
7. Eg treng eit år å læra meir på før det avsluttande året mitt ved Griegakademiet, og eg veit ikkje om nokon annan lærar som har lyst og tid til å undervisa meg ein til to gonger i veka i eit heilt år.

Ulemper med å flytta til Berlin:
1. Det er lengre unna Jokke.
2. Eg blir veldig avhengig av dei få eg kjenner der, sidan eg ikkje kan tysk og ikkje skal gå på skule og bli kjent med fleire.
3. Ho som bur der skriv i ein epost at ho tenker på å flytta, ho "føler seg ikkje heilt heima der og sånn", noko som kan bety alt frå at det er litt stussleg til heilt ubebueleg. Litt stussleg kan eg eg leva med, det er berre å ta med plakatar og ullteppe.
4. Eg er usikker på om læraren er så god som alle trur, han er liksom for god til å vera sann. Men det kan òg vera at eg er for skeptisk etter at det viste seg at læraren på Griegakademiet ikkje var noko god.

Det er uansett berre snakk om 10 månadar, frå september til juni, eller kanskje berre til mai, og eg kan jo reisa heim viss eg ikkje liker meg. Flybillettane er ikkje så dyre om eg kjøper i god tid, og når eg ikkje skal gå på eit konservatorium med obligatorisk undervisning så kan eg styra meir sjølv når eg vil reisa til Oslo.

Kva meiner folket? Skal eg til Berlin? Viss ikkje, kor ellers kan eg bu?

05 mars, 2006

Folkemusikktimen

Eg sitt og høyrer på folkemusikktimen på P2. Eigentleg skulle eg berre høyra litt på radio medan eg sjekka om eg hadde fått epost, men no er eg blitt sittande og høyra på ei stund. Det er rart at eg ikkje høyrer meir på hardingfelespel, det er utruleg fint. Slåttane minnar om den minimalistiske musikken som nokre komponistar skreiv etter krigen. Både minimalistisk musikk og folkemusikk er på ein måte litt evigvarande, utan skarpe skiljer mellom ulike delar eller store kontrastar. Musikken flyt berre framover med små og gradvise forandringar, sjølv om den er veldig rytmisk.

I natt snødde det masse, og i dag har det vore strålande sol og blå himmel. Danmark er så flatt! I kveld gjekk sola ned kvart over fem, og den gjekk ikkje ned bak eit fjell, sånn som eg er vane med. Den gjekk ned bak eldresenteret rett over vegen. På fredag, då eg skulle prøva om ein ny veg til skulen var kortare enn den gamle, fann eg den brattaste bakken i mils omkrets. Den var så bratt at eg nesten måtte stå og trø på min gamle damesykkel utan gir. Men berre nesten. Bakkane her er så slake at motvinden er eit større problem når ein syklar. Det er ikkje rart at danskar syklar mykje. Det er dessutan laga plass til syklistane i trafikken her, og bilane tar hensyn til oss. Sykling er rett og slett ikkje risikosport i Danmark, i motsetning til i Noreg. Men no er folkemusikktimen slutt, og eg får vel øva vidare.

02 mars, 2006

Hurra for røykelova!

Eg gjekk på folkehøgskule med ei jente frå Danmark. Ho brukte heile året i Noreg på å fortella om kor mykje betre alt var i Danmark. Eit av mine mål då eg flytta til Odense var å ikkje gjera som ho. Men ein ting er mykje betre i Noreg enn i Danmark, røykelova, og ikkje minst at nordmenn er lovlydige og følger den.

Konservatoriet i Odense er til dømes røykfritt. Det er i alle fall det som står på skilta. Men danskane har eit litt spesielt forhold til forbod. Dei ser på det som ei retningslinje, og eg mistenker mange for å tru at denne retningslinja berre gjeld for andre. Så i pausen i klaverkonserten i går sto det ein vaksen mann inne gangen og smatta fornøgd på pipa si utan å tenka på om han kanskje plaga nokon. Eit anna døme er resturantar og kaféar. Dei har alltid røykfrie bord. Men det hjelper lite når ein må gå forbi alle røykeborda for å komma til dei røykfrie. I dag sat eg ved eit røykfritt bord som sto omtrent ti centimeter frå eit røykebord, så om eg ville røyka ved ikkje-røykbordet kunne eg berre strekt ut armen og brukt askebegeret på bordet ved sida av.

Men det er mange ting som er betre i Danmark enn i Noreg. Maten og husleiga er billegare, og ikkje minst så er kleda på NoaNoa mykje billegare. Om eg hadde hatt pengar skulle eg gått berserk i den butikken, dei har så mykje fint. Men sjølv om prisane ligg mellom hundre og to hundre kroner under prisane i Noreg er kleda framleis for dyre for meg. Eg trur sko er billegare òg. Eg såg etter eit par vårsko i dag, for no er det snart for varmt til å gå med støvlettar, og om eg ikkje hadde vore i det kritiske hjørnet kunne eg kjøpt heilt ok sko til to hundre kroner. Men eg tenkte eg kunne sjå litt i morgon òg, for då skal eg til København og møta Ingerid som eg ikkje har sett på nesten to år. Det blir gøy!