28 september, 2006

Opningstider

Eg er veldig for regulering av opningstidene på butikar, kioskar og bankar på prinsippielt grunnlag. Eg vil ikkje at dei som jobber der skal måtta jobba medan alle andre har fri. Dessutan så er det bra om dei store kjedane med alle sine pengar får litt fleire problem med å utkonkurrera dei mindre verksemdene. Men i praksis så irriterer det meg at ikkje alt er opent når det passer meg. I Oslo, og til ein viss grad Bergen, er det ikkje noko problem. Der kan du få ordna alt, nesten døgnet rundt. Om du har eit brev som må poststemplast med dagens dato, og det er eit stykke ut på kvelden, så kan det ordnast. Postens brevsentral har opent seint. Og om du treng medisinar eller har akutt behov for ein babytannkost fordi ungen din nettopp har fått tenner, eg har stått bak ein sånn mann i apotekkø, så er det berre å gå ned på Jernbanetorget. Daglegvarer, kioskvarer, sikringar, dopapir og andre ting som ein kan få bruk for litt plutseleg er det alltid mogleg å kjøpa. Men ikkje her i Berlin, særleg ikkje i midt nabolag. Her stenger kioskane i seks-sjutida, og matbutikken klokka åtte. Og gjett når banken stenger i morgon? Klokka eitt. Så ein gong før eitt må eg gå i banken og betala mi andre husleiga i Berlin. Det er rart at eg har vore her ein månad snart, tida har gått ganske fort, og no er har det jammen gått ein dag til og det er på tide å tenka på å legga seg.

25 september, 2006

Rosa på fest

Eg var på fest i går kveld, med kjole og rosa bolero. Eg hadde til og med litt rosa augneskugge, og om eg hadde hatt det skulle eg tatt på meg rosa lipgloss. Men det hadde eg ikkje, og det var kanskje like greit. Den kan bli for mykje av det gode. Eg hadde det overraskande hyggelig på festen, sjølv om eg ikkje kjente andre enn læraren min, som forsvant for å hjelpa mor si med grillinga, og dei to andre nordmennene. Me tilbrakte stort sett heile kvelden rundt kjøkkenbordet, strategisk plassert i høvet den gode maten, og prata i veg på tysk-norsk-engelsk med dei andre gjestene. Eg forsto overraskande mykje tysk, men eg klarer ikkje å snakka noko særleg enno. Det kjem nok om ei stund, om eg berre tør å oppsøka fleire prate-situasjonar. Dei som var på festen var hyggelige, og eit par av dei hadde studert i Danmark, så dei mora seg med å gjenoppfriska dansken.

Det er bra at eg hadde det så hyggelig i går, for dagen i dag har vore heller laber. Eg vakna med mageknip, og sidan eg ikkje kom igang med øvinga før i eitt-tida syntest eg ikkje eg kunne ta meg tid til å handla eller gå på biblioteket, som var planen å gjera i dag. Med ganske tomt matskåp, og utan handling, måtte eg eta det eg hadde. Eg har laga meg graut på noko eg kjøpte i den tru at det var havregryn, men sidan det viste seg å ikkje vera det har eg ikkje turd å smaka på det før i dag. Eg trur framleis at hovudingrediensen er havre, men gryn er det ikkje. Det er meir semulegryn som er pressa saman til flak, og som går i oppløysing når det kjem i kontakt med vatn. Grauten min vart ikkje så ille, men eg trur eg skal kjøpa med meg ei pakka havregryn neste gong eg er i Noreg så eg får skikkelig graut på dagar som denne.

24 september, 2006

Presseklipp

Eg er veldig glad for at vener eg har hatt ei stund no byrjar å verta skikkelig gode i sine respektive fag. Ei av dei kommande stjernene heiter Ingerid Jordal. Saman med Anemari Neple har ho laga ein reportasje om meg, fiolinen og Berlin, og dei har fått solgt den til både Hordaland, lokalavisa på Voss, og Bergens Tidende. Publisitet til meg, pengar og CV-punkt til dei. Ein vinn-vinn situasjon. Her er lenkene:

Hordaland (Den lengste teksten og det største biletet, på nynorsk): http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=284&data.language.id=3&data.document.id=12929

Bergens Tidenede: http://www.bt.no/kultur/musikk/article300530.ece

23 september, 2006

Der lurte eg dykk godt

Dei fleste som les denne bloggen er nok folk som kjenner meg. De er venner, familie og politiske kameratar. De trur de veit kva eg kan finna på å gjera, og kva eg aldri, nokonsinne ville gjort. De tenker vel som så, at Mari veit me kvar me har. Ho har hatt same kjærasten, same politiske overbevisninga, same klesstilen, same fiolinen, dei same venene og den same musikksmaken i mange, mange år, og ho kjøper gjerne eit par sko som er akkurat likt det gamle, utslitte paret.

Men no skal eg overraska dykk, alle saman. Eg har, hold dykk fast i stolane og pust djupt inn, kjøpt eit rosa klesplagg. Jaha, tenker du no, det er vel ein forsiktig rosafarge i eit diskre mønster på eit svart klesplagg. Men nei då, det er ein babyrosa bolero, kjøpt på barneavdelinga på H&M. Den er verkeleg rosa!

Det verste er at eg trur at rosa er ein farge som kler meg, og at den passar fint til ein kjole eg har. Det gjenstår å sjå om nokon er einige med meg. Eg skal på bursdagsfest til læraren min og søstera hans i morgon, derfor denne kleshandlinga, og så då får eg sjå om nokon kommenterer fargen. Men her i Tyskland er det jo ingen som forventar at eg stort sett går i svart, så kanskje eg ikkje får nokon reaksjonar i det heile. Det er litt skummelt å vera invitert i selskap når eg ikkje kjem til å forstå kva nokon seier. Men det kjem to andre nordmenn òg, så eg har i alle fall nokon å snakka med.

Eg har, som de kanskje merkar, fått internett heima, og kan endeleg skriva med æøå igjen. No er eg tilgjengeleg på Skype og msn, så berre ta kontakt!

19 september, 2006

Framleis internettlaus

No fär eg snart alvorlege abstinensar. Med unntak av Jokke, som har vore pä besök i fire, herlige dagar, har eg ikkje snakka med nokon av mine venner pä ein evigheit. Eg gleder meg til modemet kjem i posten, dä skal eg vera pä Skype dögnet rundt.

Saman med Jokke har eg utforska Berlin dei siste dagane. Me har gätt og gätt, og sett pä turistatraksjonar og tilfeldige, artige butikkar og stader, me har sett pä folk og me har ete masse god mat. Eg liker Berlin. Men det er mykje rart i denne byen. Pä veg ned til min faste internettstad i dag säg eg sikkert ätte-ti menn i arbeidskle som satt og drakk öl, enten utafor ein pub, eller pä fortauskanten. Det er openbart heilt alminneleg ä ta seg ein halvliter eller to i arbeidstida. Ikkje rart det er mange alkoholikarar her. Eg har funne meg ei fin joggelöypa gjennom ein skog og langs ei slags elv heilt dekka av sjölvlysande, grönne algar, og midt inne i skogen er det eit bord der det alltid sitt nokon og drikk. Dei er verken högrösta eller ubehagelege, men det ser litt trist ut ä bruka dagen pä ä sitta inne i ein skog og drikka. Ein kan diskutera norsk alkoholpolitikk til ein vert blä i fjeset, men det er ingen tvil om at me har klart ä begrensa den synlege og offentlege drikkinga mykje betre i Noreg enn her i Tyskland.

13 september, 2006

Internett heima?

Nei... Eg hadde eit häp om at eg skulle fä nett heima i dag, sidan installatören frä telefon- og nettselkapet skulle komma i dag. Han kom, fiksa litt, fortalte at eg mätte venta pä ä fä eit modem tilsendt, og gjekk. Sä eg mä venta ei stund til, kanskje ei heil veka. Det er kjipt ä ikkje ha internett. Surfinga kan eg jo gjera pä nettcafear, men det hadde vore fint ä kunna bruka Skype og snakka med folk òg.

For ä gjera gale verre, sä har gripebrettet pä fela lösna igjen. Ho som limte det i vär mä ha gjort ein därleg jobb, sä i dag har eg levert fela til ein felemakar som lova ä ordna det sä raskt han kunne. Det betyr at eg verken har internett eller fiolin ä underhalda meg med i kveld, og sidan eg er forkjöla sä kan eg ikkje trena heller. Men eg har eit par filmar pä dvd, sä eg overlever nok.

05 september, 2006

Hagenissar og hagesopp

No har eg jo fått eit nytt vindauge å sjå ut når eg øver. I motsetning til mitt danske vindauge har mitt tyske ikkje særleg spanande utsikt. Eg ser ut i bakgarden vår, og på baksida av ein del andre hus og blokker. Men det er to lyspunkt. Det eine er dei to hagenissane som står ved sitt sopphus og tittar på verda. Sopphuset har både dør og skorstein, og hagenissane har dei obligatoriske raude hagenissehuene. Det gjer godt å sjå på noko så klassisk og vakkert. Det andre lyspunktet er det vindauget der det av og til står nokon og røyker. Men bortsett frå det er det veldig lite å sjå på, så eg må konsentrera meg om øvinga.

Eg hadde time i går, og fekk streng beskjed om å ikkje øva på noko anna enn det læraren min sa eg skulle øva på. Det skulle eg til gjengjeld øva grundig og nøyaktig på, så då gjer eg så godt eg kan, og øver grundig og nøyaktig på ein A-durskala og nokre fingerøvingar. Det er ikkje så lett som det høyrest ut som, for skalaen og fingerøvingane skal spelast på tusen ulike måtar, både når det gjeld rytme og bogeteknikk. Det er veldig bra for meg, og eg gjer så godt eg kan. Men spanande er det ikkje.

02 september, 2006

Min fyrste dag i Berlin

No har eg fytta til Berlin! Eg tok toget torsdag kveld, og etter eit dögn og tre togbytter kom eg fram til Spandau o gär kveld. Eg fann den riktige bussen pä andre forsöket, gjekk av pä riktig busstopp, og fann det riktige huset. Sä langt gjekk alt kjempebra. Men det var ingen som svarte pä dörklokka, og dä eg ringte telefonnummeret til laeraren min fekk eg beskjed om at eg mangla eit retningsnummer. Eg satte meg pä trappa og venta, og var ganske miserabel, men etter ein halvtime eller noko sänt dukka han opp, og eg fekk sjä det som skal vera leilegheita mi det neste äret.

Leilegheita ligg i fyrste etasje, har gang, kjökken, bad og eit stort sove/opphaldsrom, med store vindauger og det er skikkelig högt under taket. Eg trur eg kjem til ä lika meg der, berre eg fär kjöpt litt fargerike bileter og nye gardiner. No er det litt for kvitt og tomt.

Eg sitt pä ein internettkafe, for eg har ikkje fätt internett heima endä, sä no mä eg slutta sä eg fär overfört pengar og funne riktig buss til Ikea. Meir om Berlin kjem seinare, eg har allereie lärt mange ting om denne eksotiske byen.