29 januar, 2006

Statcounter og Xerxes

Guri har fortalt om statcounter, ei nettside som registrerer kven som besøker andre nettsider, i sin blogg. Så no har eg limt inn ein liten kode i den koden som er heile bloggen min, og dermed kan eg logga meg inn på www.statcounter.com og sjå IP-adressa til alle som er innom bloggen min. Eg kan òg sjå kor lenge dei har lest i den, korleis dei fann den og kva nettlesar dei brukte. Det er sikkert endå fleire ting eg kan få vita òg, men det har eg ikkje funne ut av endå. Den praktiske nytta av dette er ikkje openbar for meg endå, men eg synest det er veldig gøy at eg klarte å få det til heilt på eigen hand.

I dag har eg øvd, ete kaka på kafe med ein medstudent og sett operaen Xerxes av Händel. Det var ein historisk oppføring med barokk-instrument og tidsriktige kostymar. Historia i Xerxes er ei klassisk kjærleikshistorie med forviklingar, forelskelsar og sjalusi, og den ender med eit lukkeleg dobbeltbryllup. Eg liker å sjå opera, det er så fantastisk overdådig og pompøst. I dei fleste andre sjangrar prøver ein å halda seg på den rette sida av den tynne streken mellom kjenslelada og latterleg. Men i ein opera, og særleg i ein barokk-opera, er ein så langt over streken at den ikkje er mogleg å få auga på. Av og til er det akkurat det som trengs på ein ellers heilt alminneleg sundag.

27 januar, 2006

Litt forkjøla, ellers bra

Eg trur eg har fått ein hurtigforkjølelese. Den kom i løpet av natta og i dag har eg produsert uendelege mengdar snørr. Synd det ikkje går ann å bruka det til noko. No er eg så godt som frisk igjen, og reknar med å vera heilt bra i morgon. I går hadde eg min fyrste fiolintime med han som skal vera læraren min i minst eit halvt år. Han er veldig hyggelig og vennleg, og eg er ganske sikker på at han er ein flink lærar. Når det gjeld det siste har eg tatt feil før, men eg likte dei tinga han sa til meg. For spesielt interesserte kan eg nemna at eg skal jobba med å kontrollera frosjen, og særleg bogeskift ved frosjen, og eg må gjera mindre justeringar på måten eg brukar venstre handa mi. Neste time skal me jobba med vibratoen min. Det er min blogg, så her kan eg nerda så mykje eg vil.

Sjølv om eg har det bra her saknar eg Noreg, og då særleg Oslo og ein hyggelig ung mann som bur der. Eg kjem på besøk 10.-12. februar, og er allereie begynt å gleda meg. Håper det er ein fest me kan gå på så eg verkeleg får ein dose sosialt samvær med folk eg kjenner, og som forstår meg når eg pratar. Dessutan vil eg på kafe. Kanskje eg er blind, men eg har enno ikkje funne ein hyggelig kafe her. Eg får leita meir i morgon. Då skal eg òg kjøpa meg ein fastelavensbolle. Det står skilt utafor alle bakeria om at dei har fastelavensbollar med flødeskum, marsipan eller sjokolade, og det må eg jo smaka. Den andre danske spesialiteten eg har fått høyra om, leverpølse, venter eg litt med.

25 januar, 2006

Ting og tang

No byrjar ting og tang å komma i orden her i Odense. Eg har fått timeplanen min, og skal ha 1,5 time fiolinundervisning, 2,5 timar med "det 20. århundres musikk/analyse" og 2 timar med auditiv analyse. Dei to siste faga er heilt nye for meg, og eg er ganske så spent på korleis det blir å hoppa inn midt i året. I tillegg til dette skal eg spela i eit kammerorkester, og eg skal ha ein halv time med interpretasjon. Det veit eg heller ikkje heilt kva er, men eg antar at det er som ein liten fiolintime, berre med ein annan lærar eller med ein pianist.

I går vart eg invitert på kino av to hyggelige jenter som òg er utvekslingsstudentar frå Noreg. Dei har vore her eit halvt år og er veldig hjelpsomme. Eg trur eg kjem til å få det fint her i Odense, sjølv om det er mange folk eg saknar. I kveld har eg vore på ein liten konsert med studentar frå konservatoriet, og no er det snart på tide å sova. God natt.

23 januar, 2006

Skype

Skype (www.skype.com) er eit gratis program som gjer at dataen fungerer som ein telefon. Ein kan ringa til alle andre som har lasta ned skype, og snakka med dei så lenge ein vil utan andre kostnader enn det ein betalar for internett. Lyden er meir naturtru enn på telefon, men det er ein del skurring og rare lydar. Eg mistenker at det har noko med at internettoppkoblinga mi ikkje er verdas beste. Skype er så enkelt at både eg og mor mi klarte å lasta det ned og bruka det på fyrste forsøk, og det fungerer på både pc og mac.

Grunnen til denne reklamen er at eg er veldig glad for at eg har skype, og eg vil gjerne gjera alle andre lika glade. Og jo fleire av mine venner som har skype, jo fleire av dei kan eg snakka med.

Ellers har eg ikkje gjort så mykje i dag. Eg var innom konservatoriet og sa hei, eg er den nye utvekslingsstudenten. Men ho eg skulle snakka med var der ikkje, så eg må innom igjen i morgon. Då får eg timeplan òg, er litt spent på kva dei har funne på at eg skal ha.

21 januar, 2006

Fakta om Odense

Etter to og ein halv dag her i Odense føler eg at eg har eit godt grunnlag for å skriva eit lite leksikon om Odense. Her er det:

Alkohol: Det er mogleg for alle over 16 å kjøpa alle typar alkohol alle stader. Det fører sjølvsagt til mykje drikking. Det ser ut som om at alle kafear, fast food-sjapper og pubar har eit bord der det sitt to-tre mennesker og drikk. Dei sit der heile dagen, og drikk jamnt og trutt. Dei kan vera høgrøsta eller stillferdige, alt etter standaren på etablissementet, men dei er uansett skikklig fulle.
Bibliotek: Odense centralbibliotek ligg. logisk nok, i same bygget som togstasjonen. Eg har ikkje utforska det endå, og kan derfor ikkje sei så mykje om standarden. Men eg er evig takknemleg for det opne nettverket der.
Buss: Å gå på bussen utan rettt beløp er ein dldssynd. bussjåføren har nesten ikkje vekslepengar, og dei bak deg i køen blir ikkje blide. Men bussane går ganske ofte, og ein billett kostar 15 kroner og varer i ein time.
Danskar: Dei menneska eg har møtt til no har vore jamnt over hyggelige og venlege. Danskar smiler meir enn nordmenn, eller så har eg gått rundt med noko rart i panna i fleire dagar.
Etasjar: Stueetasjen er 1. etasje, 2. etasje er 1. etasje og så vidare. På skilt i kjøpesenter står det ofte berre "stue", og før eg forsto systemet undra eg meg ofte over kvar denne stova var og kven som fekk lov til å sitta i den.
Hus: Nesten alle hus her er bygd av murstein, med eller utan murpuss utanpå. Det eine høghuset i Odense ragar høgt over alle dei andre, som stort sett ikkje har meir enn ein etasje.
Ikea: Ikea i Odense er lite, så lite at eg brukte mesteparten av ein dag på å finna deg. Ikeahuset låg bak eit digert varehus som heiter Bilka og klemt oppi Jysk, og var nesten umogeg å få auga på. Dei hadde ikkje resturant, ikkje do, ikkje svenske kjøttbollar eller oppvaskkostar. Men ellers så fann eg det eg trengte, og i natt sov eg i ei ny seng, med ny puta, dyna og nye sengekle.
Stikkontaktar: Stikkontaktane i Danmark har av- og påbrytarar. Så når ein skal få ei lampe til å lyse må lampa og stikkontakten vera på.
Sykkel: Det er lov å sykla i vegen i Odense. Det er til og med laga plass til syklistane, og det ser ikkje ut som om bilistane ergrar seg over oss som sykler på same måte som i Noreg. Sidan det er så flatt her er det veldig fint å sykla, og eg har knapt merka at sykkelen eg får låna ikkje har gir.
Tallsystem: Danskane sitt bisarre tallsystem er ikkje lett å få taket på. Sjølv om eg kan teorien og brukar kveldane på å sei fir og halv fjers for meg sjølv, har eg enno ikkje forstått kva eg skal betala i butikken utan å sjå på displayet på kassa.
Vær: Det er kanskje litt tidleg å trekka bastante konklusjonar om været i Odense, men hittil har det vore rundt null grader, vind og snø eller regn. Ikkje særleg triveligt vær å sykla i, men det er det visst berre eg som synest.

20 januar, 2006

Det store utland

No er eg i Odense, nærare bestemt på Banegården, som er kombinert tog- og busstasjon, bibliotek og kjøptesenter. Danskane tar ikkje oppfordringa på alle inngangsdørene om å ikkje røyka veldig alvorleg, så på cafeen eg sitt på er det ganske røykfullt. Alle kafear i Danmark har openbart eit bord der fyllikane sitt og drikk, det bordet er ved sida av meg. Men ellers har eg det bra. Mitt prosjekt for dagen er å finna Ikea, og eg skal no ta fatt på mitt andre forsøk. Når eg har gjort det skal eg heim og jobba hardt med å slå tilbake ein begynnande forkjølelese.

Min nye sambuar, Jørgen, er veldig hyggelig og vennlig. Han lager te til meg og svarer på alle mine rare spørsmål, og huset me bur i er eit lite murhus med ein etasje, akkurat sånn som det skal vera i Danmark. Bussen til det eg håper er Ikea går snart, eg skriv meir seinare.