25 desember, 2005

Jokke er på besøk


Jokke driv vaksenopplæring med meg, og no har eg lært å laga lenker. Viss alt går som det skal blir det eit bilete med denne posten. Eg burde vel, som så mange andre, skriva litt om familien min og alle dens særeigenheiter. Men sidan Jokke no har tilbrakt to dagar med dei, og har ein igjen, reknar eg med at han kan skildra dei betre enn meg. Men eg vil skriva at eg har fått eit fantastisk fint smykke i presang som eg blei veldig glad for.

15 desember, 2005

Eg har fått pengar!

I dag fekk eg vita at eg får ti tusen i stipend fordi eg skal på utveksling. Så no har eg undersøkt kva ein iBook kostar, og venter berre på at pengane skal koma inn på kontoen så eg kan kjøpa meg ein. Dei hadde ikkje Pod inne dessverre, så det må eg venta med å kjøpa.

Katarina har reist heim, og min andre sambuar, Jona Are, reiser i kveld. Det blir nok litt stille i leiglegheita, men det er ikkje så mange dagane til eg reiser heim sjølv. Me hadde ein flott fest på tysdag, så eg føler eg har sagt skikkelig hade til Bergen. Kvelden starta hyggelig og roleg med lussekattar, gløgg og mange søte små RUarar på besøk. Når dei hadde gått kunne eg endeleg drikka vinflaska eg hadde kjøpt for anledninga. Helga lærte meg å smaka på vin, eg hadde visst litt talent. Men me spytta den ikkje akkurat ut. Sidan eg ikkje vil ha ein blogg om fyll og fanteri stopper eg her.

Men eg kan jo skriva ein liten forklaring på ordet aobakle. Eit kjapt søk på google viser at Sundve skule hadde eit prosjekt om dialektord i 1997. Dei seier at aobakle betyr bale. Alle burde vita kva bale betyr, men for å vera på den sikre sida så kan eg forklara at både bale og aobakle betyr noko som er tungvint eller upraktisk. Td: Det er så aobakle å henta jolapynten ned frå loftet.

Då eg valda aobakle som mitt namn på internett såg eg etter eit namn som ikkje inneheldt tall, som ikkje ville gjera meg flau om nokre år, og som folk eg vil framstå som seriøs ovanfor kunne lesa utan å få øydelagd sine illusjonar. Dessutan så ville eg ha eit namn som var så sjeldant at det alltid var ledig. Aobakel fyller desse krava. Dessverre er det litt vanskeleg for folk som ikkje kjem frå Voss å forstå at det er eit ord. Men om nokre år så reknar eg med at det blir brukt i daglegtalen over heile landet.

08 desember, 2005

Opp og ned

Nokre dagar er gode, andre mindre gode. Dagen i dag har hatt masse bra og masse dårleg, så eg veit ikkje heilt kva kategori den kjem i. Fyrst så spelte eg på mastterclass, og det var bra. Eg skjemte meg ikkje ut, og lærte masse. Sidan ingen andre spelte fekk eg 2 timar undervisning av ein flink fiolinist, og det er ikkje noko eg får for ofte. Så sjekka eg eposten. Fyrst så las eg ein epost som gjorde meg både trist og sint. Så las eg ein epost frå ein Jørgen i Odense som leiger ut to rom i huset sitt til 2500 norske kroner, alt inkludert, og blei glad på toppen av alle dei andre følelsane mine. Så eg gjekk på biblioteket og høyrte på musikk, det er det einaste fornuftige å gjera når eg ikkje veit kor ein skal gjera av seg.

Ikkje nok med det så heldt eg eit foredrag i barokkinterpretasjon før eg sprang heim for å eta middag. Leilegheita vår var full av hyggelige folk, det var ein fin overraskelse. No skal eg snart på konsert, og det reknar eg med at blir fint. Så alt i alt er dagen i dag mest fin. 70/30, som så mykje anna.

04 desember, 2005

Eg har verdens kulaste Farmor

Eg fekk nettopp ein telefon frå Farmor. Ho er ei gamal dame på nesten nitti år, pen i tøyet og med kvitt, krøllete hår. Ho ringte for å sei at ho likte artikkelen min i den siste utgåva av Rødt!. Det er ein artikkel der eg anstrengte meg for å ikkje vera rund i kantane, eg ville vera tydeleg og kanskje litt provoserande. Men eg klarte ikkje å provosera Farmor. Her er lenka til artikkelen, kanskje nokon andre kunne tenka seg å bli pitte litt provosert? http://www.akp.no/roedt/2005/04/mari-fjeldstad.php3

03 desember, 2005

Endeleg

I dag fann me ein som kan flytta inn på rommet mitt når eg flytter til Odense. Eg har vore litt stressa, for det har ikkje vore så lett å finna ein hyggelig og relativt normal person. Det er mange rare folk der ute. I går kom det ein mann med det slappaste handtrykket eg nokon gong har fått. Og så snakka han så utydeleg at eg ikkje forsto kva namnet hans var, sjølv om eg spurte fleire gonger. Men han som kom på visning i dag var ein hyggelig piano-student frå Sogn. Eg har gått på gymnaset saman med han, og me no studerer på same konservatorium, og eg trur at mine sambuarar vil trivast saman med han. Katarina er litt skeptisk til å bu saman med to gutar, og det skjønar eg godt. I følge statisktisk sentralbyrå bruker menn mykje mindre tid på husarbeid enn kvinner, og som den gode feministen Katarina er så er ikkje ho interessert i å vaska opp etter nokon, verken kvinner eller menn.

No må eg berre få ny resept på p-piller, finna ut kor eg skal bu i Odense, melda flytting dit, få pengane frå den siste spelejobben min, bruka dei på jolapresangar, pakka, flytta, vaska, skriva ein artikkel til Bergen RU sitt internblad, halda eit foredrag om Leopold Mozart si lærebok i fiolinspel og spela ein konsert av sonen hans, Wolfgang Amadeus, på masterclass. Og alt dette må gjerast før jol. Puh.