31 januar, 2007

Store øyrer

Eg og Elvis Bling Laden snakka ein gong om ulike måtar å lytte på musikk på. Han tilhøyrer den tradisjonen der ein ikkje berre lyttar til musikk, men òg dansar, eller i det minste lagar rytmiske rørsler med ein kroppsdel eller to. Eg tilhøyrer den tradisjonen der ein sit heilt stille på ein stol, gjerne med attlatne auger. Det er to veldig ulike måtar å lytta på, og eg trur Elvis syntest "min" måte verka litt kjedeleg og passiv.

I kveld har eg vore på konsert med Melbourne symfoniorkester og fiolinisten Vadim Repin. Dei spelte eit nytt og spennande verk som heitte Amphitheatre av Brett Dean, Sibelius sin utruleg vakre fiolinkonsert og Vårofferet av Stravinsky, som er rått og vakkert og bråkete. Eg har sete heilt i ro, eg har berre smilt eller lukka augene av og til. Kjedeleg? Nei, eg har hatt det fantastisk. Eg har lytta med heile kroppen, øyrene mine har vore kjempestore og opne, og eg har pusta musikk. Alt til si tid, å dansa kan vera kjempegøy. Men eg liker best å sitta heilt i ro, utan å tenka på kor armar og bein er, nesten utan å kjenna at eg har dei, og berre lytta.

28 januar, 2007

Ida Sofie si lukkekake

I dag åt eg igjen tofu og grøn karry, og fekk ei lukkekake. Sidan Ida Sofie var den einaste som kunne oversetta den forrige lukkekakelappen, er denne dedikert til ho: Sie werden lange leben.

Bortsett frå å eta lukkekaker gjer eg ikkje stort anna enn å øva for tida. Det nærmar seg prøvespelstid igjen, og eg søker på skular i Oslo, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Det blir ganske travelt, alle held opptaksprøvar den same veka, men så langt ser det ut som om ingenting kræsjar. Eg trur eg skal vera godt førebudd til byrjinga av mars, men eg er skikkelig nervøs. I natt draumde eg at eg skulle spela, og at eg plutseleg fann ut at eg ikkje hadde øvd på heile stykket eg skulle spela. I midten var det eit parti som eg ikkje hadde sett før, og eg vakna og var kjempestressa og redd. Eg håpar eg får hyggeligare draumar i natt. Ein som inneheld Jokke, sol, sommar, ferie og ingen overraskande musikkstykker hadde vore fint.

26 januar, 2007

Songar i hovudet mitt

Eg har som regel ein song i hovudet. Ofte er eg ikkje klar over det, men med jamne mellomrom stig songen opp frå underbevisstheita og eg syng eller plystrar litt på den. Eg pleier å mora meg med å finna ut kvifor eg har akkurat den songen på hjernen, og har funne eit interessant system. Eg vel, heilt ubevisst, songar som har ein tekst som passar til det eg tenker på. Men eg treng ikkje å tenka på det med ord, det er nok å ha ei kjensle. Så kvar gong eg er sliten etter ein lang tur eller noko sånt, og er på veg heim, så dukkar songen Sloop John B opp i hovudet mitt med dette refrenget:

So hoist up the john bs sail
See how the mainsail sets
Call for the captain ashore
Let me go home, let me go home
I wanna go home, yeah yeah
Well I feel so broke up
I wanna go home

Det tok ganske lang tid før eg forsto samanhengen. Men andre songar er mykje lettare, og det kom ikkje som noko overrasking at denne songen dukka opp i hovudet mitt då eg såg ut av vindauget nettopp:

Det snør, det snør.
Tiddelibom.
Det er det det gjør.
Tiddelibom.
Nå snør det mye mer enn før.
Tiddelibom og
Huttemei tu.

Så kaldt det er.
Tiddelibom.
Jeg kjenner det her.
Tiddelibom.
Jeg kjenner det på mine tær.
Tiddelibom og
Huttemei tu.

25 januar, 2007

Snø!

I natt kom den fyrste snøen til Berlin. Det kom ikkje så mykje, men nok til at heile bakgården min er kvit og fin. Eg håper det kjem meir, for då får eg sett dei tyske brøytebilane. I Noreg har me store, sterke brøytebilar som er dimensjonerte for snøfonner i oppoverbakker midt på fjellet. Fortau og sånt tar me vel stort sett med skikkelige traktorar. I Danmark trur eg ikkje ta eg såg nokon store brøytebilar, men eg såg stadig små minitraktorar med ein roterande kost foran som pent og pyntelig kosta vekk snøen. Så det er lurer på er om Tyskland har gått endå lengre enn Danmark, og bruker handkraft og piasavakost for å brøyta, eller om dei har dimensjonert brøytebilane sine etter kor stor byen er, og har laga dei store nok til å ta tre felt om gongen.

21 januar, 2007

Ny lukkekake

Eg åt sundagsmiddag på Asia Imbiss i dag igjen, eg trur eg skal laga ein tradisjon av det. Maten er god, og prisen er tysk og låg, rundt 40 kroner for vegetarmaten, ti eller tjue kroner dyrare om du vil ha kjøtt og anna luksus. Lukkekaka eg fekk var òg denne gongen tospråkleg, eg postar den tyske versjonen i dag så lesarane mine får litt tysktrening: Natur, Zeit und Geduld sind die drei besten Ärzte.

18 januar, 2007

Agent 007

Dei to siste dagane har eg sett to James Bond-filmar, From Russia With Love og Goldfinger. Det er tre ting som slår meg. For det fyrste er James Bond ein arrogant jålebukk og for det andre så er det berre ein type kvinner i filmane; dei kyssbare. Med unntak av den stygge, middelaldrande russiske avhopparen som freistar å drepa Bond i From Russia With Love, er det knapt nokon kvinneroller med replikkar som ikkje endar opp med å klina med jålebukken. Ikkje ein gong dei som seier nei gjentekne gonger.

Det tredje som slår meg er at kvinnene i filmane, sjølv om dei er sexobjekt alle saman, nesten er tjukke samanlikna med damer i filmar i dag. Dei to Bond-filmane eg har sett kom ut i 1963 og 1964, altså for drøyt førti år sidan. Den gongen hadde damer rumper og pupper. Dei hadde til og med store rumper. Og hoftene kunne vera breiare enn skuldra. Dei liknar rett og slett meir på sånne damer som eg ser på stranda om sommaren, i dusjen i symjehallen, eller den dama eg ser i spegelen om morgonen. Eg vil ikkje tilbake til kyssedokkene på 60-tallet, men kan lova dykk ein ting: Etter revolusjonen skal filmane vera fylt av dissande rumper med cellulittar, og det skal vera bulk på magen på alle!

14 januar, 2007

Lukkekake

Eg kjøpte ta-med-mat i dag, fordi eg ikkje hadde noko å laga middag av. Ikkje hadde eg så lyst til å laga mat heller, så å gå på Asia Imbiss borti gata var eit fristande alternativ. Eg bestilte tofu i grøn karry, og for fyrste gong i mitt liv fekk eg med ei lukkekake. Eg har berre høyrt om dei, særleg i amerikanske filmar og seriar, der det verkar som om alle får lukkekaker kvar gong dei kjøper kinamat. Eg var naturleg nok litt spent på å få ta del i denne tradisjonen, som ikkje er kinesisk, men som ein trur stammar frå San Francisco eller Los Angeles. Men det ikkje var noko stor oppleving, kaka var tørr og smaklaus og spådommen kjennest ikkje veldig personleg og treffsikker ut. Men det var hyggelig å lesa at: Nothing works without you. Everybody counts on you.

13 januar, 2007

Ny fiolinboge!

No har eg gjort det. Eg har kjøpt meg ein ny fiolinboge. Eigentleg er den ein litt gammal boge, rundt 70 år, tippar eg. Alle sånne detajar skal stå i sertifikatet som eg får i posten om ei vekes tid. Eg har ikkje tenkt å skriva her kor mykje eg betalte for den, men om eg hadde gjort det så hadde eg fått reaksjonen; hæ? Er det ikkje berre ein trepinne, då?

Eg skal prøva å forklara. Tenk deg at du trenar kvar dag for å bli ein god sprintar. Du spring fort, du spring langt og du spring lenge. Kvar dag. Og så tenk deg at du plutseleg byttar ut støvlane du har sprunge med, dei som er litt for store og glepp på hælen, med eit par lette, gode joggesko. Sånn kjennest det å bytta ut min gamle boge med min nye. Nesten i alle fall.

10 januar, 2007

Då Gyda samla Noreg

Eg fekk Snorre til jol, og no les eg om våre gamle kongar som herja, sloss, brann folk inne og voldtok så mykje at eg er imponert over at dei fekk tid til alt. Det tok forferdeleg lang tid å reisa på den tida, og dei fleste av dei levde ikkje så lenge sidan dei sloss heile tida, så dei må ha hatt eit ganske tett program. Det artige med å lesa Snorre er at det er ein så stor del av vår kulturarv at sjølv om eg ikkje har lest meir enn dei obligatoriske små bitane på skulen, så kjenner eg til mange namn og hendingar. Men mykje er nytt for meg. Til dømes at det var ei dame som heitte Gyda som sette Harald Hårfagre på ideen om å samla Noreg til eit rike.

I Snorre står det (omsett av Steinar Schjøtt, 1900): "Kong Harald sende nokre av mennane sine etter ei gjente, som heitte Gyda, dotter til kong Eirik fraa Hordaland; ho vart fostra i Valdres hjaa ein storbonde. Kongen vilde hava ho til frille, for di ho var ei ovende væn gjente og heller storlynd."

Harald vil altså ha Gyda, og på heller uraffinert vis så sender han nokon kompisar for å få tak i ho. Men Gyda er ikkje nøgd med det vesle kongerike som Harald rår over, og seier "at ho vilde ikkje spilla møydomen sin til aa faa ein konge til mann, som ikkje hadde større rike enn berre nokre fylke aa raada for." Så kompisane må reisa heim utan å få med seg Gyda. Dei føreslår for Harald at han skal senda fleire folk så dei kan henta ho med makt, men Harald vert ikkje fornærma av avvisninga. Han seier i staden: "ho hev mint meg um de, som eg tykkjer de er underlegt at eg ikkje fyrr hev komi til aa tenkja paa", og han seier vidare "de lovar eg, og eg tek Gud til vitne, som hev skapt meg, og som raar for alle ting, at aldri skal eg skjera eller kjemba haare mitt, fyrr eg hev eigna til meg heile Norig med skatt og skyld og velde, eller so vil eg døy.»

Harald bestemmer seg for å samla Noreg til eit rike for å få tak i Gyda, og etter mykje strev klarar han det. I mellomtida har han gifta seg med minst ni kvinner. Det står i Snorre at då han gifta seg med den tiande, Ragnhild den mektige, så gav han slepp på dei ni fyrste. Han gifta seg òg med Gyda, men om ho kom fyrst eller sist er litt uklart i teksten. Med så mange koner så er det ikkje lett å halda styr på rekkefølgja.

09 januar, 2007

Joggefantomet!

Eg er eit joggefantom. Sidan eg kom tilbake til Berlin har eg jogga annakvar dag. Eg tar på meg mine svarte joggetights med knæsj grøne detaljar, mi like grøne superundertøytrøya, mi kvite joggejakka og mine kvite, men ganske skitne, joggesko og joggar i veg mot skogen. På den lekre, grøne iPoden min har eg eit nyhendeprogram frå p2, for då gjer det ikkje noko om eg ikkje høyrer alt på grunn av trafikken. Eg joggar eit lite stykke langs vegen, og så joggar eg inn i min store, fine joggeskog og er glad og nøgd med livet.

07 januar, 2007

Media og idrett

Debattar har ein merkeleg evne til å gå i dei same spora igjen og igjen, sjølv om det er ulike folk som debatterer. Om du hevdar at kvinneidrettar får mindre mediadekning enn manneidrettar, og at det er urettferdig, vil du i ni av ti tilfeller få svaret: Kvinneidrett er meir kjeisamt, og det er ingen som er interessert i den. Når kvinnene vert flinkare vil det bli meir interessant å følgja med på det dei driv med, og mediadekninga vil auka.

Her er litt fakta å slå i bordet med neste gong du får dette svaret: I fylgje ein ny forskningsrapport frå Nordisk Institutt for Kvinne- og kjønnsforskning vert kvinneidrett oversett i like stor grad i dag som på 70-tallet, på tross av ein stor utvikling innafor idretten. Kvinneidrett får omlag 11 prosent av den totale sportsdekninga, like lite som for 30 år sidan, og kvinnelege idrettsutøvarar får i liten grad dei profilerte og synlege posisjonane, som fyrstesideoppslag i sportsmagasina. Som om ikkje det var nok så vert kvinner oftare omtalt som jenter enn menn vert omtalt som gutar, på tross av at det ikkje er noko aldersforskjell mellom utøvararne.

Neste gong eg kjem opp i ein sånn debatt har eg planar om å bli engasjert (ikkje sint, men engasjert, sånn som mannlege politikarar kan bli, i motsetning til kvinnelege), slå fast og bestemt i bordet (igjen, fordi eg er engasjert, ikkje for å tydeleggjera kven som er sterkast), og med høg røst (nei, ikkje for å drukna dei andre stemmene, men fordi eg er så engasjert) referera den nyaste forskinga, og dermed, ein gong for alle, legga denne debatten død.

(Les meir i BT: Én kvinne av 13 fast annsatte, Sexbombe og toppidrettsutøvar og Kvinneidrett forsvinner i mediene)

05 januar, 2007

2006 - ei oppsummering

Eg likar å delta i spørjeundersøkingar, for det er så fint når nokon spør meg eit spørsmål og høyrer på svaret mitt. Men sånne kjede-spørsmål som går rundt i ulike bloggar er endå betre, for då kan eg forandra spørsmåla om eg vil. Her er nokon eg har fått av Ida Sofie, lettare endra, og oversatt til nynorsk.

1. Kva gjorde du i 2006 som du aldri hadde gjort før?

Eg flytta til utlandet. To gonger. Det har ført til at eg har gjort mange ting for fyrste gong, som å kyssa under Brandenburger Tor, bu aleine og å prøva å føra ein samtale på tysk. Dessutan så førte sveltestreiken til afghanarane til at eg gjorde mykje nytt. Eg veit no korleis ein skaffar straum, lydanlegg, artistar, presse, el-piano og publikum i løpet at ein dag eller to, alt saman gratis.

2. Heldt du nyttårsforsetta dine i 2006? Og har du nokon for 2007?

Eg hugsar ikkje om eg hadde nyttårsforsett i fjor, så enten har eg helde dei og innarbeida dei så godt i dagleglivet at eg ikkje merkar dei lenger, eller så hadde eg ingen. Eg har ingen i år, bortsett frå dei vanlege forsetta som eg har kvar morgon når eg vaknar: Øva masse, trena litt og kanskje finna på noko gøy.

3. Vart nokon som står deg nær mor eller far?

Nei, eg trur ikkje det. No blei eg plutseleg litt redd for at eg har gløymt nokon.

4. Døydde nokon som står deg nær?

Ja, Faste døydde i august. Ho var grandtanta mi, og det var trist. Men ho var gamal og sjuk, og då døyr ein jo ofte. Eg og Jokke besøkte grava hennar for nokre dagar sida, då vart det plutseleg litt trist igjen.

5. Kva land har du besøkt det siste året?

Eg har budd i Tyskland og Danmark, og vore på festival i Sverige, men det har blitt lite reising elles. Eg håpar eg kan reisa litt rundt i Europa til våren, eg må jo nytta meg av at eg bur så sentralt for tida.

6. Kva eller kven har du sakna i 2006, og håper du får meir av i 2007?

Jokke sjølvsagt, og så håper eg at eg får plass på ein skule eg har lyst til å gå på i år, så eg får eit studiemiljø og folk å spela saman med igjen.

7. Kva datoar i 2006 kjem du aldri til å gløyma, og kvifor?

Eg er veldig dårleg på å hugsa datoar, eg har gløymt alle allereie.

8. Kva er det største du har oppnådd i 2006?

Eg er blitt flinkare til å spela fiolin, det ser ut som om eg har greidd å etablera ein joggevane, og eg har tort å flytta aleine til det store utlandet. Og så har eg vore med på å arrangera 14 konsertar, fleire små og ein stor demonstrasjon, på 14 dagar.

9. Kva var din største nedtur?

Den fyrste kvelden i Odense, då alt var nytt og framandt og slitsamt. Morgonen etter var mykje betre.

10. Har du vore sjuk eller skada?

Ikkje skada, noko som er litt rart så mykje som eg har spelt. Men eg har hatt ein del migrene, som har gitt seg, og ein del magetrøbbel. Men eigentleg ikkje noko å klaga over, eg har stort sett vore frisk.

11. Kva var ditt beste kjøp?

Oj, eg veit ikkje. Eg hadde mykje moro med den rosa boleroen min, men eg må då har kjøpt noko betre. Jo, det er hovudtelefonane mine, som har god lyd og som stenger irriterande støy ute.

12. Kven har gjort seg fortent til ros i 2006?

Alle afghanarane som har jobba, og framleis jobbar, for å få opphald, og alle dei som støttar dei. Dei som arbeider for eit nytt, revolusjonært og feministisk parti, og alle andre som gjer sitt beste for at verda skal bli litt betre å leva i.

13. Kven har gjort deg lei deg?

Tåpelege, maktsjuke og manipulerande politikarar, på alle nivå. Men på det personlege planet så har eg hatt veldig få grunnar til å bli lei meg i 2006.

14. Kva gjekk mesteparten av pengane dine til?

Mat, husleige og flyreiser. Alkohol, tobakk og pengespel er heldigvis ikkje store utgiftsposter i mitt budsjett.

15. Kva har gjort deg veldig begeistra og glad?

Overraskingsfesten til Jokke var veldig gøy, det same var Arvika-festivalen og mange andre augneblikk med Jokke. Men det største adrenalinkicket var konserten eg spelte med Ungdomssymfonikerne i Berlin.

16. Kva musikk kjem til å minna deg om 2006?

Sidan eg tenker på, eller speler, musikk nesten heile tida er det eit vanskeleg spørsmål å svara på. Men kanskje eg kan svara David Rovics, sidan han spelte for å støtta afghanarane, og sidan eg har høyrt ein del på han etterpå.

17. Samanlikna med denne tida i fjor, er du …
a. Gladare eller meir nedstemt? Kanskje litt meir nøgd, og litt mindre spent. Men stort sett er det vel omtrent som i fjor
b. Tynnare eller tjukkare? Veit ikkje, eg har ikkje vekt. Men kleda mine passar like godt no som i fjor.
c. Rikere eller fattigere? Rikare, faktisk. Eg har fått stipend og arv. Men studielånet er framleis stort.

18. Kva skulle du ynskt du gjorde meir av i 2006?

Eg veit ikkje, eg er ganske nøgd med det eg har gjort og ikkje gjort. Men eg skulle gjerne gått meir tur med Jokke eller andre, det er så hyggelig.

19. Kva skulle du ynskt du gjorde mindre av?

Eg skulle gjerne ha brukt mindre tid på å sitta på flyplassar og venta.

20. Kvar var du i jola, og med kven?

Det var Jokke sin familie sin tur i år, så me feira med dei på ei hytte i Sogn. Eg fekk eit par dagar på Voss med min familie og, så eg fekk ete dei viktige tinga som karamellpudding, ribba og serinakaker.

21. Blei du forelska i 2006?

Ja, kvar gong eg møtte Jokke. Og så har eg blitt småforelska i 70-talls Yoko Ono, og i ein fiolinboge.

22. Kor mange one-night stands hadde du?

Ingen, men eg er sikker på at det er andre som har hatt dei eg har gått glipp av, så eg har ikkje dårleg samvit ;)

23. Kva var ditt favorittprogram på TV?

Sidan eg ikkje har hatt TV i år så har eg fryda meg veldig over alle program som har gått når eg har vore i nærleiken av ein tv. Jo mindre politisk korekt, jo betre. Eg liker Top Model, eg.

24. Hatar du nokon no, som du ikkje hata på denne tida i fjor?

Eg er ikkje så god på sånn hating, eg gløymer så fort kva eg var sint for. Dessutan så prøver eg å tenka mest mogleg hyggelige tankar. Eg har begynt å få litte granne rynker, og sidan eg ikkje vil bruka rynkekrem før eg er ferdig med kvisekremane, så satsar eg på å berre få smilerynker

25. Kva bok er den beste du har lest i år, i kategoriane...
a. Samfunn/historie: Guns, Germs and Steel av Jared Diamond
b. Underhaldning, men på den gode, utfordrande måten: Utallige bøker i serien Diskworld av Terry Pratchett
c. Roman: The Color Purple av Alice Walker

26. Kva var den beste musikalske oppdaginga i 2006?

Det er umogleg å svara på, for dei tinga eg vert mest glad for å oppdaga er sånne små detaljar som at eg liker måten ein fiolinist spelar ein bestemt rytme i eit bestemt stykke, eller at eg finn ut korleis eg vil frasera ein melodi. Heldigvis har eg hatt mange sånne oppdagingar i 2006.

27. Kva ynskte du deg til jol som du fekk?

iPod og tv-serie på DVD, og masser bøker.

28. Kva ynskte du deg til jol som du ikkje fekk?

Eg fekk ikkje digitalt kamera, det skulle eg gjerne hatt så eg kunne tatt bilete av folk eg møter og stader eg besøker.

29. Kva var årets beste film?

Det diskuterte eg med Jokke her ein dag, men eg hugsar ikkje kva film eg kom fram til at eg likte best. Hugsar du, Jokke?

30. Kva gjorde du på bursdagen din?

Eg fekk bursdagssong, presangar, kaka og middag, og alt eg peikte på. Det var kjempegøy!

31. Kva ting/person har gjort året ekstra bra?

Ting er lett, det er iBooken min. Person er vanskelegare. Jokke sjølvsagt. Og så Beret. Me gjekk inn i ein symbiose dei siste vekene av sveltestreiken, utan ho hadde eg ikkje fått gjort noko av det eg gjorde. Og foreldra mine, det er utruleg kor mykje lettare livet vert av å vita at ein har foreldre som står klare med mat, pengar eller prat når det trengs.

32. Korleis vil du skildra klesstilen din?

Eg vil ikkje skildra den, det er ikkje så interessant.

33. Kva har helde deg i mental balanse?

Eg trur eit stabilt og godt humør er ein del av fabrikkinstillinga på meg, eg treng ikkje noko for å halda meg i mental balanse.

34. Kva kjendis likte du best?

Eg liker Oprah Winfrey, sjølv om ho er amerikansk og hysterisk. Og så liker eg kongefamilien, sjølv om eg er republikanar. Det er umogleg å ikkje lika å sjå på bilete av pene menneske i pene ballkjolar. Eg likar òg Margaret Olin, fordi ho seier fornuftige ting.

35. Kva i politikken har opprørt deg mest?

Masse, masse, men aller mest flyktningpolitikken. Bjarne Håkon Hanssen er ein av dei få menneska eg trur eg kunne ha spytta på.

36. Kven sakna du i 2006?

Alle, sidan eg stort sett har vore alle andre stader enn i Noreg.

37. Kven var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?

Læraren min, Alexander, er eg veldig glad for at eg møtte, for eg har lært kjempemykje av han. Og så sjølvsagt alle eg har møtt i Odense og Berlin.

38. Fortel ein viktig livsvisdom du har lært i år?

Eg veit ikkje om eg har lært noko som kan oppsummerast i ein kort og fengande setning. Men eg er blitt mykje flinkare til å ta meg fram i framande byar ved hjelp av kart, er det livsvisdom?

39. Ein songtekst som oppsummerar året …

Nei, det har eg ikkje. Men eg kan føya til at eg ikkje likar tre punktum på slutten av ei setning om det ikkje er strengt nødvendig.

Sidan eg veit at Jokke òg likar spørjeskjema, så utfordrar eg han til å svara på alle desse spørsmåla. Og min tidlegare sambuar, Katarina, fordi eg kjenner meg altfor lite oppdatert på kva ho driv med for tida.