30 oktober, 2006

Juggel

Eg likar å tenka på meg sjølv som eit menneske som set pris på kvalitet og ektheit. Men av og til set eg stor pris på det motsette. I dag var eg på Ikea for å kjøpa ein bolle sidan eg knuste den eg hadde, og der har dei byrja å selga jolapynt. Jolapynten på Ikea er av plast, den er i sølv, gull, og eit utvalg av glorete fargar, og eg elskar den. Eg måtte utøva mykje sjølvdisiplin for å ikkje kjøpa meir enn ein girlander med plastperler, 12 små, gullfarga plaskuler og ni meter med grønt og glitrande bånd. Det er nok ignorant av meg, men eg synest girlanderet mitt med plastperlene er vel så fine som dei små, stusslege perlekjeda dei har hjå gullsmedane. Mine perler går mange, mange gonger rundt halsen min, og gir mykje meir valuta for pengane. (Men om nokon fekk lyst til å kjøpa eit ekte perlekjede til meg ein dag ville eg skifta meining på flekken.)

Elles likar eg meg framleis godt i Berlin. Eg har ikkje lært så mykje tysk, men er blitt flink til å gjetta kva folk seier til meg. Dessutan så er eg blitt litt flinkare til å spela fiolin, på timen i dag var læraren min nesten urovekkande nøgd. Når han stopper meg halvvegs i leksa mi og seier flott, ikkje noko problem, eg treng ikkje å høyra meir for å forstå at dette kan du, vert eg alltid litt bekymra. Har han gitt meg opp? Har han blitt mindre kravstor? Men eg vert mest glad, det er godt når all øvinga gir resultat.

27 oktober, 2006

Herr Daubitz

Herr Daubitz bur i leilegheita tvers over gangen. Han har musebrunt hår (dette veit eg fordi det ikkje er så lenge sidan eg såg ei ekte mus springa over bakgården, og ho hadde akkurat same fargen på håret). Herr Daubitz har valgt å halda håret kort nederst i nakken og på sidene, resten er ganske langt. Det lange håret grer han i ein fin snurr oppå hovudet for å skjula at han byrjar å bli skalla. Herr Daubitz er ikkje særleg glad i kle med sterke fargar. Han held seg til beige, både mørkebeige og lysebeige, brunt og grått. Han kler seg pent, med busker med press og ei lett vindjakka, og har ei veske der det ser ut som om han har god plass til papir i.

Eg veit ikkje kva Herr Daubitz jobbar med, men det er nok ein kontorjobb, for eg har aldri sett han i ute-arbeidskle. Eg veit heller ikkje kva slags mat han likar, for det kjem aldri matlukt frå leilegheita hans. Eg har aldri høyrt stemmer derifrå, eller musikk. Herr Daubitz er nok ein stillferdig mann. Av og til lurer eg på kva Herr Daubitz likar. Kanskje han har ein flott samling med frimerker? Eller kanskje han er ein kjent oversettar av engelsk litteratur? Eg er sikker på at han, som alle andre, har noko som er spesielt, som berre han kan eller veit. Viss eg hadde turt, og kunna tysk, skulle eg spurt. Men det er ganske fint å lura på òg.

23 oktober, 2006

Er det lov?

Er det lov å svara på ein utfordring, når den er gitt til andre? Eg har bestemt meg for at i dag er det lov, og derfor svarer eg på dei ti spørsmåla om politisk identitet som har blitt sendt rundt i bloggane til mine venner i det siste. (Eg overset spørsmåla til nynorsk, eg har då visse standarar på denne bloggen.)

1. Politisk ideologi du forfektar?

Eg er kommunist, feminist og fiolinist. I denne rekkefølgja reint teoretisk, i omvendt rekkefølgje om ein skal ta utgangspunkt i faktisk tid brukt på -ismen.

2. Politisk ideologi du foraktar mest?

Heilt ærleg, så er det venstre-småintellektualistisk-mannssjåvinistisk-sofaradikalisme. Det er ikkje ein veldig viktig ideologi, og det finnest heller ikkje mange som tilhøyrer den, men det er den som irriterer meg definitivt mest.

3. Materialist eller idealist?

Dette har eg helde innleiing om, så dette burde eg kunna. Som marxist er eg materialist i filosofisk forstand, noko som betyr at eg tar utgangspunkt i den faktiske, materielle verda, og ikkje i ein gud, ei ånd eller ein ide. I daglegtalen er ville nok 99 prosent kalla meg idealist, sidan eg er eit vakse menneske som trur på revolusjon og sånt.

4. Plikt- eller konsekvensetikk i politikken?

Dette har eg òg halde innleiing om, og eg er kome fram til at det er konsekvensetikken som er mest foreineleg med materialismen. Sidan ein materialist tar utgangspunkt i den materielle røynda, må ho òg vurdera ein handling utifrå kva konsekvensar handlinga har for materien. Pliktetikken vurderer ein handling mot reglar og normer, og er derfor bestemt av overbygninga, ikkje basis, i eit samfunn.

5. Politisk oppvakning?

Gradvis, men det var då eg, far min og bror min var på teltleir mot gasskraftverk eg verkeleg fekk lyst til å melda meg inn nokon stad. NU hadde siste helga av sommarleiren sin saman med oss andre gasskraftmotstandarar, og det såg ut som om dei hadde det så kjekt at eg bestemte meg for at neste år skulle eg på NU sin sommarleir. Og sånn blei det. I NU vart eg kjent med RUarar og SUarar, og eit år etterpå starta eg og nokre andre RU-lag på Voss.

6. Politisk omveg?

Nja, eg har aldri vore med i nokon organisasjon eg ikkje kunne vore med i i dag. Men eg snusa litt på anarkismen, og kalla meg anarkosyndikalist og anarkokommunist ein liten periode før eg slo meg til ro som kommunist.

7. Enkeltpersonar som påverka deg mest politisk?

Foreldra mine, som dei RVarane dei er, har hatt mykje å sei for korleis eg tenker, og for kvar eg har havna i politikken. Ein annan viktig person er Øyvind Strømmen, som eg møtte i NU. Me diskuterte politikk i mange timar, og han gav meg alltid tekstar han meinte eg burde lesa. Dei siste åra er det Jokke som har diskutert mest med meg, og eg har lært veldig mykje av det.

8. Bok som har påverka deg mest politisk?

Eg veit faktisk ikkje. Eller jo, det trur eg er "Fremad og aldri glemme", norsk historie med marxistiske og materialistiske briller, i teikneserieform. Den har hatt mykje å sei for at eg har interessert meg for materialistisk historie, og for at eg forstår litt meir av kvifor det har oppstått undertrykking.

9. Største bresten i ideologien du forfektar?

Eg er usikker på om det er ei brest i ideologien, eller i venstresida i Noreg si forståing av den, men me har openbart ein del svakheitar når det gjeld feminisme. Epostlista til RV har vel omtrent 10 prosent damedeltaking, og at det ikkje fører til ramaskrik, men vert sett på som heilt normalt, er eit symptom på denne bresten.

10. Viktigaste politiske enkeltsak?

Akkurat no er det asyl- og flyktningpolitikken som er viktigast for meg. Folk eg har møtt, spelt for og prata med, står i fare for å dø om dei vert sende tilbake til Afghanistan. Sånn elles, når det ikkje er akutt dødsfare for folk eg kjenner, er det feminisme som ligg mitt hjarta nærmast.

22 oktober, 2006

To sokkar!

No er den andre sokken ferdig, og den blei sånn nogenlunde lik den fyrste. Eg har allereie tatt dei på, og dei er varme og gode. Eg er svært nøgd.

18 oktober, 2006

Skryt er fint å få

I dag hadde eg time med læraren min. Eg grudde meg litt, for sidan eg har vore i Oslo har eg ikkje øvd så mykje som eg pleier. Då eg gjekk opp trappa til leilegheita til læraren min, den ligg i tredje, hadde eg ei lista i hovudet over kva eg håpa han ikkje ville be meg spela, og kva eg trudde eg kunne sånn nogenlunde. Og så hadde eg skikkelig flaks. Han spurte ikkje etter Mozart, og heller ikkje Bach, berre skalaer og etyder. Og A-durskalaen min gjekk så bra at eg om to dagar skal få lov til å byrja på G-dur! Eg ser at det ser ut som ein tåpeleg ting å vera glad for, men sånn er det. Eg er skikkelig glad for at eg no spelar ein så god A-durskala at eg kan få lov til å byrja på i ein ny toneart.

Ellers har eg oppdaga ein ny bydel i Berlin, området rundt Zoologischer Garten og Kurfürstendamm. Eg leita etter ein notebutikk, og fann mange andre spennande butikkar. Ein del av dei såg dyre ut, med sånne designarnamn som eg høyrte i The Devils wears Prada, og andre såg litt meir tilgjengelege ut. Eit butikkvindauga fekk meg til å stoppa lenge, det var heilt stappfullt av smykker og mansjettknappar og småting. Dei låg tett i tett på ulike brett, alt som kunne hengast hang i vindaugskarmen, og det var ikkje ein einaste centimeter som var tom. Ein gong eg har betre tid skal eg gå inn i butikken og kjøpa noko fint.

17 oktober, 2006

Ein sokk!

Eg har strikka ein ullsokk, og er ganske stolt. No må eg berre strikka ein til, så kan eg ta på meg varme, gode sokkar utan hol. Men eg har undervurdert kor mykje garn som går med til ein sokk. Eg har ikkje nok til eit par til, til Jokke, sånn som eg hadde tenkt. Så då må eg nok, stakkars meg, ta ein tur til eit av dei største kjøpesentra i Europa, KaDeWe, ein av dagane. Der må dei vel ha ein garnbutikk, sjølv om eg enno ikkje har sett ein ellers i Berlin.

10 oktober, 2006

I syboksen min

Dei siste dagane har eg sydd to dukar og gardiner til å ha på rommet mitt. Til saman har eg sydd ni meter saum for hand, og eg er ganske stolt. Det er blitt skikkelig fint, og i morgon skal eg henga opp bileter og kanskje, om eg kjenner meg kreativ, måla nokre sjølv. Då eg opna syboksen min for å finna nål og tråd fann eg noko eg hadde glømt eg hadde; Målstokken. Det er ein kortstokk med kaldnålsraderingar, det vil seia teikningar, av Arne Bendik Sjur, og tekstar av Einar Økland. Ideen til stokken kjem frå Økland, og den er utgitt av Det Norske Samlaget i 1986. Eg hugsar denne kortstokken frå eg var liten på grunn av dei groteske portretta som pryder kvart kort. Dei som er teikna er nok kjente menneske, men eg kjenner ikkje igjen så mange. Gro Harlem Brundtland er ei av dei eg gjenkjenner. På kortet hennar står det: "Til sal av Noreg sa ho JA. Det var det ho sa."

Under hovudet til ein eldre mann med høgt hårfeste, hår rett til vers, briller med kvite glas og ein grotesk, halvopen munn med raude lepper står det: "Liv og helse? Død og frelse? Slå på! Slå på! Og du skal få!" Er det nokon som forstår kven det skal vera?

Eller kva med denne? Ein mann med tredagars-skjegg, bart, høgt hårfeste, svart hår og klumpete nase har teksten: "Fe, frendar, fisk og skogar døyr. Livet renn i oljerøyr."

Forresten, eg reiser til Oslo i morgon kveld, og blir til sundag. Nokon som vil henga med meg og snakka norsk?

07 oktober, 2006

Trivselstiltak

I går kom ein venn som òg studerer i Berlin på besøk. Det var veldig hyggelig, me drakk te og prata. Men eg når eg fekk besøk såg eg plutseleg leilegheita mi med nye auger. Og sjølv om det er ei ok leilegheit så ser det litt stussleg ut her. Eg har ikkje fått hengt opp noko på veggane, for teipen eg har er ikkje sterk nok, og eg er redd for at ein sterkare vil øydelegga tapetet. Og eg har nesten ikkje møblar, og eg har beheldt dei stygge gardinene som hang her då eg kom. Eg har tenkt som så at eg berre skal vera her i ni månadar, og at det ikkje er så lenge at eg treng å ha det så koseleg. Men no når det har gått ein månad forstår eg at ni er veldig lenge. Så i dag var eg på Ikea og kjøpte stoff til gardiner og til duk på bordet mitt, og bileter til veggane. Eg har tenkt å henga dei opp på ei snor med klesklyper, då treng eg berre å laga to spikerhol i veggane. Eg kom halvvegs i gardinkantinga medan eg såg ein film i kveld, og viss eg er riktig effektiv blir eg ferdig i med dei og duken i morgon.

06 oktober, 2006

Å handla mat

Det fine med å flytta frå eit land til eit anna er at ein ikkje berre lærer om det nye landet, men òg om det gamle. Mange ting som eg ikkje la merke til i Noreg ser eg no når eg ser korleis dei gjer det i Tyskland. Berre det å gå i butikken er ganske ulikt. I Noreg er det plass til varene etter at dei er slått inn i kassa, det er til og med avgrensa sånn at to kundar kan ha varene sine på båndet samtidig. I Tyskland sluttar kassabåndet der det sitt nokon og les strekkodane, og så må ein skunda seg å få varene ned i korga eller posen. Helst bør ein gjera det like fort som varene vert slått inn, og ha pakka dei vekk før ein betalar. Det var ganske forvirrande til å begynna med, men no går det greit. Det er alltid ein benk rett etter kassa der ein kan områ seg og passa på at eggene ikkje ligg nederst i posen.

Maten er sjølvsagt ikkje lik heller. I det store og heile har matbutikkane i Tyskland fleire ting som eg saknar i Noreg enn omvendt. Det er berre to ting eg ikkje har funne her, skummamjølk og brunost. Eg kan fint leva utan brunost, og om eg får lyst på litt norsk ost kan eg kjøpa Snøfrisk i butikken nærmast der eg bur. (Den heiter forresten Bolle, noko som gjer at eg smiler kvar gong eg handlar der.) Men skummamjølk saknar eg. Av ei tanta (Hei Signy!) har eg fått vita at det heiter magermich, men eg har enno ikkje handla ein stad der dei har det. Det dei derimot har her er fantastisk yougurt. Min favoritt er vaniljeyougurt med ekte vanilje. Den får ein kjøpt på glass, så det tok litt tid før eg fann den. I mitt hovud er yougurt alltid i beger. Men her er mange matvarer på glass. Pølser for eksempel. Og i dag fann eg noko som eg trur er potetmos på glass. Viss eg hadde hatt lyst kunne eg nok levd lenge på berre glassmat.

01 oktober, 2006

Mozartmoro

Mozart skreiv fem fiolinkonsertar, og den tredje av dei har eg spelt med ujamne mellomrom i snart ti år. Og no klarar eg endeleg å spela den med litt av den elegansen og lettheiten ein bør spela Mozart med. Då klokka var sju, og eg berre hadde spelt halvparten av mine seks timar om dagen, trudde eg at eg kom til å piska meg sjølv gjennom tre timar med øving. Men når det eg høyrer komma ut av fiolinen nærmar seg det eg høyrer i hovudet vert alt så mykje morosammare, og no er det nesten trist at klokka er ti og det skal vera stille i huset. Men berre nesten, for eg er ganske sliten.

I morgon skal eg på konsert med Deutsches Symphonie-Orchester Berlin og fiolinisten Maxim Venegrov, og gleder meg kjempemasse. Han skal spela Mozart sin fjerde fiolinkonsert, som eg er veldig glad i. Når eg fyrst skal ned til Berlin sentrum tenkte eg at eg kunne ta meg ein halv dag fri og gå på Guggenheimmuseet og på kafe. Eg synest eg fortener det, eg har jobba hardt og ikkje hatt ein dag fri sidan Jokke var her.