27 august, 2006

Eg er blitt 24 år

På torsdag hadde eg den beste bursdagen eg nokon sinne har hatt. I alle fall på mange, mange år. Den begynte med at eg vakna, og konstanterte at eg både ville og kunne sova litt til. Då eg vakna for andre gong var eg klar til å byrja feiringa, og vekte Jokke så han kunne gjera dei siste førebuingane. Medan eg lata som eg sov, fann han fram presangane, dekte frukostbordet og satte på omnen så eg skulle få varme rundstykker. Då alt var klart, og eg nesten ikkje klarte å ligga i ro lenger fordi eg var så spent, kom han inn døra med presangar og bursdagssong. Eg fekk ein roman av Ingvar Ambjørnsen, filmen Tomme hus og Brødrene Dahl på dvd av Jokke, og ei reisehandbok om Berlin av mor hans og mannen hennar, og vart veldig glad for alt saman.

Heile dagen fekk eg alt eg peikte på, frå ostekaka til frukost til saltsild på Narvesen, og eg storkoste meg. Ein skulle hatt bursdag ein gong i veka, så fint var det. Og så fekk eg masse gratulasjons-smsar, som eg ikkje har somla meg til å takka for, sjølv om eg vart veldig glad. På kvelden åt me på ein marokkansk resturant ved Rådhuset, og eg fekk det møraste lammekjøttet eg nokon gong har ete, og endå meir ostekaka til dessert. Eg hadde ein så fin dag at eg smilte då eg vakna morgonen etter, så no gleder eg meg berre til å bli 25.

16 august, 2006

Berlin - min nye favorittby

No har eg vore i Berlin, og eg elskar den byen! I går stakk eg av frå dei andre i orkesteret og utforska Berlin på eigenhand. Eg fann ut av kollektivtrafikken, og utforska bydelen Kreutzberg, som var mykje hyggeligare og meir spennande enn sentrum. Eg åt lunsj på ein tibetansk resturant, mens eg titta på folk og skreiv postkort som eg tok med meg heim i kofferten. Ungdomssymfonikerne spelte konsert på kvelden, i eit fantastisk konserthus med 14 digre lysekruner og nesten perfekt akustikk. Publikum i Berlin hostar ikkje, dei sitt stille og høyrer og oppfører seg akkurat sånn som dei skal. Saman med den gode salen, ein strålande dirigent, god musikk og eit godt og toppkonsentrert orkester, blei konserten heilt fantastisk. Me spelte så godt! Alt som gjekk dårleg på generalprøven gjekk bra på konserten, og me fekk applaus i ein liten evigheit.

Etterpå blei me bussa til den fellesnordiske ambassaden, der det var mottaking berre for oss. Me fekk utrulege mengder mat, vin, sjampanje, øl, taler og applaus. Det kjentest litt merkeleg, å bli invitert til å fråtsa med fiffen berre fordi ein speler i eit orkester, men det var veldig morsomt òg. Særleg når folk, lettare berusa, drog fram instrumenta og spelte folkemusikk og duettar, med stor innleving og litt mindre stor presisjon.

No er eg heima igjen etter tre veker med speling, og det er litt rart. I morgon er det ingen som forventar at eg sitt på stolen min, ferdig oppvarma og våken og konsentrert, klokka fem på ti. Men det er mest fint, eg skal sova til eg våknar, og så skal Jokke laga frukost til meg. Etterpå skal eg kanskje lesa litt, eller øva litt, og så skal eg læra meg tysk. Det er mykje vanskelegare enn eg trudde å gjera seg forstått på engelsk i Berlin, og dessutan så verkar ikkje tysk som eit umogleg språk å læra seg.

10 august, 2006

Eit lite tillegg

Eg ynskjer meg òg ei klokka. Enten ei som kan vera på veggen, ei som eg kan ha i felekassa, eller ei til å ha på armen. Eg har ikkje bestemt meg, eg har bruk for alle tre. Og så ynskjer eg meg eit belte som er fint til dongeribukser, mest svarte, og nye joggesko. Det var alt, trur eg.

05 august, 2006

Ynskjeliste

I dag er det 19 dagar til eg har bursdag, og for å gjera det lett for Jokke og andre som har tenkt å kjøpa presang til meg, presenterer eg herved ynskjelista mi. Den er verken komplett eller i prioritert rekkefølge.

1. iPod Nano.
2. Bøker om Berlin, skjønnlitteratur og reisehandbøker.
3. TV-seriar på DVD, særleg Randi og Ronnys resturant, Pelle Parafins Bøljeband, Brødrene Dahl, og alle gode seriar som har gått på TV i det siste, men som eg ikkje har hatt tid til å sjå på.
4. Film på DVD.
5. DVDar med fiolinistar som speler. Eg har lyst på alt, men blir særleg glad for nyare og kvinnelege fiolinistar. (Eg har Anne Sophie Mutter som speler Beethoven sine sonater for klaver og fiolin.)
5. Smykker, belter, skjerf og generelt stæsj.
6. Kle, særleg i ull.
7. Bach: Solosonatas & Partitas for soloviolin. Henle Urtext-utgåva.
8. Lydbøker, særleg Terry Pratchet-bøker
9. Besøk i Berlin.
10. Ostekaka.