28 november, 2006

Klisje

I dag jogga eg forbi tre vegarbeidarar. Og jammen vart eg ikkje plystra på! Fyrst eit litt mislukka, fislete pip, og så eit litt betre forsøk. Eg er sjølvsagt mot at kvinner skal gjerast til sexobjekt for menn berre fordi dei joggar forbi i tights. Men eg blei meir lattermild enn sint. Tenkt å få oppleva ein klisjé midt på ein tysdag føremiddag!

PS: Jolakalenderkrimmen vert ein påskekrim, eg har berre skreve tre kapittel, og desember nærmar seg med stormskritt.

21 november, 2006

Problemet med blogging

Den siste veka har eg opplevd mykje. Ingerid har vore på besøk, me har leita etter hagenissar, ete masse god mat og hatt det veldig fint. I tillegg har eg ete middag med den tyske norskstudenten og handla litt jolegåver. Og heile tida har eg øvd og trent og ete og sove i passande mengder. Problemet er at når eg opplever så mykje, så har eg ikkje tid til å blogga om det. Derfor denne kjappe oppsummeringa, berre for å fortella at eg lever og har det bra.

Eg har dessutan ein plan om å skriva ein jolekalenderkrim i bloggen min, med eit nytt kapittel kvar dag i desember. Plottet er ferdig, og fyrste kapittel skreve, og no når eg har publisert planane mine håpar eg på inspirasjon/press til å skriva dei neste 23. Følg med, følg med!

12 november, 2006

Presang på døra

For over eit år sidan skreiv eg ein artikkel i Rødt! om samanslåingsprosessen mellom AKP og RV. Sidan eg var den fyrste, unge jenta frå Vestlandet som skreiv i Rødt! lova Arild meg ein premie. Etter dette har eg spurt Arild med ujamne mellomrom om når eg skulle få premien min, og han har svart at han jobbar med saken. Men så, for nokre dagar sidan, gav han beskjed om at eg skulle få ei pakke på døra i dag i totida. Eg tenkte han kanskje hadde funne ei god bok til meg, eller noko anna interessant, som skulle leverast at eit bod. Men då det ringe på døra mi sto det ein ung mann der med to flasker BerlinerKindl, eit øl-sort frå Berlin, og die tageszeitung, ei venstrevridd avis. Han helste frå Arild, sa at han hadde fått i oppdrag å gje meg noko som var typisk for Berlin, og spurte om eg ville bli med ut og sjå litt av byen.

Så me tok S-bahn, U-bahn og trikk gjennom heile byen, til ein liten bokkafe der ei venninne, som studerer norsk, jobbar. Bokkafeen var kjempehyggelig, med masse bruktbøker, ei lita scene, trøorgel og piano. Norskstudenten var òg veldig hyggelig, og snakka overraskande godt norsk etter å ha studert det i berre eitt år. Då ho var ferdig på jobb reiste me alle tre til Hackescher Markt og åt god, marokkansk mat. Me prata mest engelsk, og litt tysk og norsk, og eg hadde det veldig fint. Eg og norskstudenten skal møtast igjen, så ho kan trena på å snakka norsk, og eg kan læra litt tysk. Eg håper ho kan læra meg litt grammatikk, for når eg freistar å lesa grammatikk på eigenhand går det ikkje så bra.

Eg er veldig fornøgd med presangen min, det var kjekt å møta nye folk. Men eg har ikkje fått rydda, sånn som eg hadde planlagt. Ingerid sitt fly kjem i tolvtida i morgon, så eg rekk å ta det verste rotet i morgon tidleg. Det blir fint med besøk!

11 november, 2006

Karneval

Eg har fått ein ny og hyggelig vane. I staden for å kjøpa brød, som vert gamalt og tørt før eg rekk å eta det opp, kjøper eg eit rundstykke eller to kvar dag på kiosken på hjørnet. Kiosken er ein fin kombinasjon av bakeri, konditori og kiosk, og bakevarene er alltid ferske. Dessutan så er dei som jobbar der, ein ung mann og ei ung dame, alltid hyggelige. Dama kan litt engelsk, og likar å få brukt den, men mannen kan lite. I dag, då eg skulle handla, var det han som sto i kassa, og eg kunne ikkje la vera å spørra om det var festdag i dag, for han hadde sånne rullar med papir som ein bles på så det vert lange papirspiralar rundt halsen. Han forsto spørsmålet mitt på engelsk, men måtte få hjelp av dama på bakrommet for å forklara at er karneval i dag. Eg trudde karnevalstida var før fasten, men dei var openbart i festhumør, så kanskje eg tar feil. Er det nokon av lesarane mine som kjenner til tyske karnevals-tradisjonar?

07 november, 2006

Anbefalingar

Sidan eg har lært meg å laga lenker i teksten, tenkte eg at eg skulle komma med eit par anbefalingar.

Om du, som meg, har lyst til å skriva med eit best mogleg språk, men av og til lurer på kva som er lov og ikkje lov, er denne sida, med søkemoglegheiter i både Bokmåls- og Nynorsordboka, kjekk å ha.

Om du derimot har lyst på god, tidvis politisk korekt, tidvis morosam og innimellom berre vakker, musikk, er dette sida for deg. David Rovics er ein flott fyr, både som songar, musikar og politisk aktivist, og har lagt ut alt han har spelt inn for gratis lytting. Min personlege favoritt er songen om "The Saint Patrick Batallion", ein annan, og veldig morosam song, er "I´m a better anarchist than you".

Om du verken vil skriva eller høyra, men derimot lesa, er det berre ein ting å gjera. Gå på biblioteket og lån ei bok, alle er gode, i serien Discworld av Terry Pratchett, og kos deg!

(Viss det du aller helst vil ha er verdens beste kjæraste, så kan du berre gi opp, for han har eg!)