31 mai, 2006

Husleg på Voss

Eg er heima på Voss nokre dagar. I går bakte eg brød og i dag har eg laga tiramisu, så eg har vore skikkelig husleg. Ellers har eg ikkje gjort så mykje, eg har sove ut etter helga med reising og bryllup. Bryllupet var kjekt å vera i, god mat og hyggelige folk, og det er jo alltid hyggelig å vera i Oslo. Eg har openbart ikkje så mykje å skriva, eg er i Voss-modus og då skjer det ikkje så mykje. Men eg lovar å skriva ein skikkelig blogpost så snart eg får litt inspirasjon.

23 mai, 2006

På veg heim

Dette blir mitt siste danske blogginnlegg. Om nokre timar går toget mitt, og så skal eg vera i Noreg i tre heile månadar. Det er overraskande lite trist å reisa frå Odense, eg gleder meg for mykje til å sjå Jokke til å vera trist. Eg skal prøva å halda blogginga ved like, men det blir kanskje litt sjeldnare postar når eg blir opptatt med sommarferieaktivitetat. No fyrst er det festspel, så bryllup, så litt meir festspel, Oslo, Rød Sommarleir, meir Oslo, orkesterkurs og så Oslo igjen til slutt. Om det blir kjedeleg å sjekka bloggen min anbefalar eg å bruka "next blogg"-knappen øverst i høgre hjørne. Då kjem du til ein tilfeldig blogg, og det er mykje morosamt å lesa der ute. Dei mest spesielle eg har funne til no er kanskje den kristne, heimaverande, amerikanske mora som blogga om ungane sine og Jesus, eller den bloggen som stort sett besto av bileter av folk som bloggaren har møtt på gata i New York, og lange kommentardiskusjonar om stilen var kul eller ikkje, og om kanskje skoene burde vore litt mørkare og solbrillene litt større.

Men no må eg slutta å blogga, gjera ferdig den siste pakkinga, vaska litt og ta bussen til togstasjonen.

21 mai, 2006

Bileter frå Odense

I morgon skal eg ha min siste barokk-time, og eg skal levera ei oppgåve i auditiv analyse som eg sit og strevar med no, og på tysdag reiser eg heim til Noreg for sommaren. Eg har ikkje fått så mykje besøk som eg blei lova her i Odense, men det gjer ikkje noko. Eg har ikkje hatt nokon stad som gjester kan overnatta, og det har vore fint å ha ein grunn til å reisa til Oslo. Her er eit par bileter, så de får sjå litt av korleis eg har hatt det.



To bileter av huset eg har delt med Jørgen

Den artigaste butikken i Odense sel gjenbrukte born

Meg og sykkelen utafor konservatoret

Eg heldt ein liten konsert for foreldra mine då dei besøkte meg

17 mai, 2006

Berlin, her kjem eg!


Kanskje ikkje akkurat i dag, men om tre månadar reiser eg. Eg har øko-nomien i orden, ein lærar som vil undervisa meg og ein stad å bu. Eg skal bu i eit hus der mor til læraren min leiger ut leilegheiter, i bydelen Spandau, eit stykke utafor sentrum. Men det tar berre 15-20 minutt med offentleg transport å reisa inn til sentrum, og det er ikkje så ille. Eg kan øva frå åtte om morgonen til ti om kvelden i det huset, og når eg har øvd seks timar kan eg gå på konsert for ein femitilapp med eit av dei mange gode orkestra i Berlin. Det blir strålande!

Men enn so lenge er eg i Odense. Foreldra mine har besøkt meg dei siste dagane, så eg har ete masse på kaféar og resturantar, og i går fann eg og mor mi endeleg ein kjole som eg kan ha på i bryllupet. Den er lang, mørkeblå, enkel og veldig fin. Det har vore hyggelig å ha besøk, det er kjekt å visa fram Odense.

13 mai, 2006

Ein liten siger

I dag har eg, for fyrste gong i mitt liv, gått på kafe aleine og kome i snakk med eit hyggelig menneske. Det er ein liten sosial siger for meg, eg har alltid hatt lyst til å vera ein sånn person som kjem i snakk med folk, utan at dei er fulle eller lettare tilbakeståande. Jenta eg kom i snakk med var ein svensk medisinstudent, og me hadde eit hyggelig samtale medan me drakk kaffi. Ho hadde lyst til å studera i Bergen, og det kunne eg jo anbefala på det varmaste.

Det er slutt på det fine veret, i dag har det småregna og det er ikkje lenger så varmt. Eg synes det er litt deilig, men det er synd at foreldra mine, som kjem på besøk i kveld, ikkje får sjå Odense frå si vakraste side.

12 mai, 2006

Sol og syklar

I dag har mine bleike, hårete leggar fått litt sol på seg. Eg har ete både lunsj nummer ein og lunsj nummer to i hagen. Men i morgon skal det visst vera slutt på det fantastiske veret, så det blir nok ikkje meir soling på ei stund. No er det ikkje lenge til eg skal reisa heim igjen, berre to veker, og eg føler det er på tide å oppsumera mitt Danmarksopphold. Ein av dei store forskjellane på Noreg og Danmark er all syklinga. Danskar i alle aldrar, frå seks-sju år og opp til godt over pensjonsalderen syklar, overalt og heile tida. Det er laga plass til syklistane i trafikken, alle vegar av ein viss størrelse har sykkelsti, og alle lyskryss har avmerka kvar ein skal sykla så det ikkje vert kollisjonar. Dei største lyskryssa har til og med eigne sykkellys, som slepp syklane over før bilane. Eg kjem til å bli ein farleg syklist når eg kjem tilbake til Noreg, og ikkje lenger kan forventa å bli tatt hensyn til av bilistane.

Det finnes fire typar syklistar i Danmark, proffsyklisten, handikappsyklisten, kvardagssyklisten og stilsyklisten. Proffsyklistane kan delast opp i to grupper, postbudene og dei andre. Postbudene har eigne postbudsyklar med store sykkelvesker foran og bak, og ein eigen støttemekanisme så dei ikkje veltar når postbudet sett dei frå seg. Dei andre proffsyklistane liknar på dei med har i Noreg, dei har sykkelbukser, sykkelhjelm, proffe syklar og høgt tempo. Denne gruppa er forresten dei einaste som bruker hjelm, bortsett frå små born under åtte-ni år.

Handikappsyklistane er ei relativt stor gruppe samanlikna med heima. Sidan sykling er ein så stor del av kvardagen her er det få som lar dårleg balanse eller svake bein stoppa seg. Nokre syklar på trehjulssykkel, andre har små motorar til å hjelpa seg i dei nesten ikke eksisterande oppoverbakkane. Den største gruppa syklistar er kvardagssyklistane. Dei har ein sykkel som fungerer, verken meir eller mindre. Dei står i kontrast til stilsyklistane som bruker tid og krefter på å ha ein sykkel som understreker resten av stilen deira. Tøffe gutar i skinnjakker har tilsvarande tøffe syklar i motorsykkestil med høgt styre og flammelakkering, medan søte jenter har plastblomar i korga og rosa sykkel.

Min lånte, svarte sykkel utan gir plasserer seg trykt i kvardagssykkelkategorien, og eg kjem til å sakna den når eg reiser heim. Men det er no ein gong sånn at flate, danske vegar egnar seg betre til sykling enn bergenske trapper og smug.

09 mai, 2006

50 000 kroner?

I dag fekk eg eit brev. Det har hendt før at eg har fått brev som ikkje eigentleg var til meg. Dessutan så kan det vera feil i brevet, kanskje det er ein null for mykje. Og eit krav i det brevet var eit opptaksbevis frå læraren eg skal ha i Berlin. Eg har sendt ein epost og bedt han om å senda meg eit opptaksbevis, og kanskje vil han ikkje det. Ein veit aldri. Dessutan så kan dei som har sendt brevet tatt feil av meg og nokon andre, eller det kan vera snakk om monopolpengar. Men om alt går i orden, er eg den stolte mottakar av 50 000 kroner frå Johan Helmich Janson og Marcia Jansons legat.

Eg søkte berre om 22 000, og det syntest eg var veldig mykje pengar å be om. Men så har dei gitt meg meir enn det dobbelte, det er heilt villt! Og veldig deilig. No treng eg ikkje å spela på gata i sommar, eg treng ikkje å spinka og spara, og eg kan reisa på kurs i fire veker utan dårlegt samvit for at eg ikkje jobbar. Eg kan ta timar i barokkmusikk i Berlin, og eg kan ta timar i Oslo når eg er der på besøk likevel. Eg er veldig glad! Og så kan eg ta meg råd til å kjøpa ein fin kjole til bryllupet om nokre veker. Eg trudde kanskje eg måtte sy ein sjølv. No slepp eg det, og eg kan slutta å bekymra meg for økonomien min det neste året. Tusen takk, Johan Helmich og Marcia Janson!

04 mai, 2006

Kribling i magen

Den dagen eg reiser til Oslo har eg alltid litt kribling i magen, eg er rastlaus og får ikkje gjort alt eg skal. I dag er ein sånn dag, og derfor sitt eg her og skriv i bloggen min i staden for å øva, pakka, trena, vaska eller berre gjera noko som helst fornuftig. Eg lurer på om det alltid kjem til å vera sånn. Kanskje eg, når har vore på besøk hjå barneborna, men Jokke ikkje var med fordi han ville gå på møte i pensjonistforeininga, kjem til å stabba heimover med gåstolen og ha sommarfuglar i magen og lura på om han framleis er forelska i meg? Eller kanskje det gir seg når me har vore saman i ti år, eller tjue? Tre år er i alle fall ikkje nok til å få sommarfuglane til å slutta å flaksa.

03 mai, 2006

Eg skal til Oslo!

I dag har eg kjøpt togbillettar og i morgon reiser eg til Oslo. Det var eigentleg ikkje planen, men så viser det seg at læraren min i Odense underviser mykje lenger enn det står i årsplanen, og då må jo eg bli her lenger òg. Og plutseleg blei det ei evigheit mellom påske og neste gong eg kom til Oslo. Derfor ein liten spontantur no. Det er ikkje berre for gøy, eg nyttar høvet til å ta med meg litt av flyttelasset mitt òg. Det er utruleg kor fort tinga mine formeirer seg, eg kjem ikkje til å få plass til alt i dei to koffertane mine. Men mest for gøy. Eg har lyst på konsert, for no har eg øyreproppar og treng ikkje vera redd for å skada hørselen. Og så har eg lyst på kino, og å sitta på pub og drikka øl og slarva. Aller helst på uteservering. Er det varmt nok til det i Oslo?

I dag har det vore så fint og varmt i Odense at det nesten ikkje er til å tru. Klesvasken min vart tørr på eit par timar i sola, og eg har tusla rundt i sentrum i berre t-skjorta og titta på alle andre som var ute for å titta på folk. Eg såg litt etter ein kjole, men fann ingen. Eg ønsker meg ein fin kjole til bryllupet eg skal i siste helga i mai, den må vera passe fin, passe billeg og passe sommarleg. Det er tre ting på ein gong, og ikkje så lett å finna. Eg har mest lyst til å sy ein kjole. Det burde ikkje ta så lang tid, om eg finn eit fint stoff og har eit enkelt mønster klart i hovudet burde eg klara det på ein dag med tilgang til symaskin. Men det har eg jo ikkje før bryllupet, og å sy for hånd tar fort masse tid. Men det hadde vore gøy, kanskje eg skal prøva å få det til.