28 februar, 2006

Kort

No er eg tilbake i Odense etter ein fantastisk ferie i Oslo. Det naturlege ville kanskje vera å skriva om kva eg har gjort i Oslo, men eg har ikkje gjort så mykje spennande. Eg har øvd litt, besøkt Faste og vore saman med Jokke.

Det eg har lyst til å skriva om er kort. Etter fire veker i Danmark har eg fått intet mindre enn seks nye plastikkort. Så no har eg lånekort til Deichmanske bibliotek i Oslo, Bergen offentlege bibliotek, høgskulen i Agder sitt bibliotek (eg var i Kristiansand og trengte notar på ein Mozart symfoni, og eg fekk ikkje ta notane med inn på naborommet utan å bruka ein halvtime på å registrera meg som lånar), og Syddansk universitetsbibliotek. I tillegg har eg eit sygesikringsbevis som fungerer som lånekort til biblioteket her i Odense. Lånekorta til biblioteka på Voss og i Hamar har eg mista, men eg synes samlingen min er ganske fin likevel.

Dei fire andre korta eg har måtta skaffa meg er studentkort, nøkkelkort til konservatoriet, kopikort og noko som heiter Wild card. Det er berre eit tåpeleg namn på eit rabattkort for ungdom på toget. Eg forstår ikkje heilt kva som er så villt med det, men eg får mellom 25 og 50 prosent rabatt på alle togreiser i Danmark, og det er jo fint. Med kredittkort, reiseforsikringskort og bankkort har eg no 12 kort som eg har med meg til ei kvar tid, i tilfelle eg får bruk for dei. Det får eg jo sjeldan. Men eg tør ikkje legga nokon igjen heima når eg går ut, for då finn eg nok fort ut kor nyttige dei eigentleg er.

14 februar, 2006

Fire veker i Danmark

Når eg reiser til Oslo på torsdag har eg vore i Danmark i fire veker, og det er på tide å oppsummera opphaldet så langt. Fagleg sett er eg veldig tilfreds. Læraren min er flink, og eg får ein halvtime meir undervisning kvar veka her enn eg fekk i Bergen. I tillegg samlar han alle fiolinstudentane sine kvar torsdag for at me skal spela for kvarande. Forrige torsdag spelte me H-dur skalaen i tre oktavar, no på torsdag skal me spela treklangar og torsdagen etter vinterferien skal me spela etuder. Det er veldig lærerikt å få kritikk frå andre studentar, sjølv om det kan vera skummelt. Rommet mitt som eg øver på er lyst og fint, og eg har eit passe stor vindauge som vender ut mot ein passe traffikert veg. Eg manglar berre eit notestativ og nokon som ryddar i notane mine etter kvart som eg slenger dei frå meg.

Eg har òg møtt fleire hyggelige folk her. Dei eg har snakka mest med er dei andre utvekslingsstudentane. Det er lettare å få kontakt med dei enn danskane, sjølv om danskane er veldig hyggelige òg. Men me utvekslingsstudentar har jo det til felles at me ikkje er i vårt eige heimland, og me har alltid danskane å prata om. Min sambuar Jørgen er veldig hyggelig, no nettopp banka han på for å høyra korleis eg hadde det. Eg trur han passer litt på meg sidan eg er norsk.

Alt i alt har eg hatt det fint den fyrste månaden i Odense, og eg trur eg får det fint framover òg. Men akkurat no gleder eg meg berre til å møta Jokke.

09 februar, 2006

Sju dagar igjen

Om sju dagar flyr eg til Oslo for å besøka Jokke. Eg sitt og smiler når eg skriv dette, for eg gleder meg sånn. Eg gleder meg til mange ting no. I morgon skal eg ha time med ein fiolinist som heiter Peter Sheppard Skærved, og det gleder eg meg til. Eg gruer meg litt òg, sidan det alltid er skummelt å spela for ein ny lærar. Men eg har fått høyra at han er ein veldig hyggelig og søt mann, i tillegg til å vera ein dyktig fiolinist, så eg har nok ingenting å grua meg til. Eg gleder meg til å sjå Sannheten om 2006 (og resten), eg gleder meg til å byrja å øva på det stykket eg fekk av læraren min i dag, og eg gleder meg til å eta frukost i morgon, for eg har kjøpt god musli. Alt i alt har eg mykje å gleda meg til og lite å klaga på.

PS: Hei Farmor og Farfar. Det var hyggelig å få sms, og å høyra at de liker å lesa bloggen min. Og hei til alle tantene mine som les bloggen, og foreldre og venner og dei eg ikkje veit kven er.

05 februar, 2006

Gjennombrot

Eg har blitt fortalt at eg treng å vera meir avspent i venstrehanda mi, og hjernen min har forstått at det er lurt. Men i går forsto venstrehanda mi det òg. No er alt blitt mykje lettare, vibratoen min er blitt betre og eg spelar reinare. Det er framleis langt igjen til eg spelar bra, men det er kjekt når det går framover.

02 februar, 2006

Flaks!

Då klokka var sju i kveld bestemte eg meg for at eg ville få tid til å øva ein halvtime, og eta litt, før konserten som begynte klokka åtte. Eg øvde, kasta i meg ei brødskive og sykla så fort eg kunne ned til konserthuset. Ti på parkerte eg sykkelen og fann den riktige inngangsdøra på fyrste forsøk. Men før eg var komen fram til billettluka stoppa ein mann meg og spurte om eg trengte ein billett. Eg svara ja, men var litt skeptisk, for eg hadde ikkje tenkt å handla billett på svartebørs. Det viste seg at mannen si kone ikkje kunne komma, og at han ville gi vekk billetten. Så eg fekk ein gratis konsert, eg fekk til og med sitta på ein ganske god plass.

Eg har hatt mykje flaks i Odense. Læraren, som er ikkje visste noko om, har vist seg å vera flink. Min nye sambuar Jørgen, som eg heller ikkje kjente, er hyggelig og tar oppvasken sin utan å bli mast på. Stort sett alle ting har gått bra. Hadde det berre vore litt kortare til Oslo så hadde eg vore heilt fornøgd.

01 februar, 2006

Kvardagsliv

No begynner eg å bli heima her i Odense. Eg har funne ut sånn omtrent kva ost eg likar og ikkje likar, eg treng ikkje lenger å ta fram kartet på kvart gatehjørne for å vita kor eg er, og eg har kome inn i ein slags kvardagsrytme. Både eg og Jørgen er A-mennesker, og me står opp kl sju. Han bruker akkurat eit kvarter på badet, noko som passer veldig godt, sidan eg treng eit kvarter på å overtala meg sjølv til å gå ut av senga. Eg har timar om morgonen måndag og tysdag, dei andre dagane øver eg nokre timar før eg vanlegvis må på butikken eller biblioteket. Så kjem eg heim og øver litt til, et middag og øver igjen. Det er ikkje eit veldig spennande liv, men eg liker det.