28 april, 2006

Heime aleine

Denne helga har eg heile huset for meg sjølv, Jørgen er reist til København for å segla i ein regatta. Det betyr at eg kan ha vill fest, gå naken heile dagen, eller gjera andre sprø, interessante og spanande aktivitetar. Men kjem eg til å gjera det? Neppe. Eg kjem nok til å øva som vanleg. Kanskje eg kjem til å byrja å øva litt tidlegare om morgonen, sidan eg no ikkje treng å venta til Jørgen er oppe om han er litt sein ein morgon. Men det blir deilig likevel. Eg byrjar å kjenna at eg aldri har budd aleine. Det er ikkje det at Jørgen, eller dei andre eg har budd med, har vore ubehagelege på nokon som helst måte. Det er berre det at eg kjenner at det blir godt å ikkje forholda seg til nokon andre sine lydar og lukter, rot, oppvast, skitne støvlar eller parkerte syklar på eit par dagar.

26 april, 2006

Fiolinen min er tilbake

I dag har eg henta fiolinen min i København. Det var fint å få den tilbake, med nypussa gripebrett og nyrensa lakk. Dessutan hadde felemakaren fiksa ein litt flisete kant, så no er fiolinen så god som ny. Eller eigentleg litt betre. Men eg skal ikkje sitta meir på tog før eg skal heim igjen til Noreg, fire halvanna time lange togturar på tre dagar er meir enn eg liker. Eg blir stiv i nakken og sliten i hovudet, og sjølv om eg burde øva no så kjem eg liksom ikkje i gang. Men det er mykje gøy å sjå på langs toglinja. På måndag såg eg fasanar, og i dag såg eg kvitveis og påskeliljer.

25 april, 2006

Politikk, takk

Ein kunne tru at eg ikkje dreiv med politikk for tida. Det er dessverre ikkje så langt frå sanninga, men litt skriving blir det. I går fekk eg og Kenneth ein kronikk trykt som debattinnlegg i Klassekampen. Det skal seiast at Lille frøken og Kenneth hadde skreve ein veldig god kronikk fyrst, men så ville ikkje Lille frøken ha namnet sitt på trykk, og eg fekk stå som underskivar. Mitt bidrag til teksten besto stort sett av litt språklege forbetringar. Og eit ekstra poeng, men det var det Jokke som kom på. Hovudsaka er at namnet mitt kom på trykk i Klassekampen, og no ventar me spente på svar.

Eg skal òg verta fast bidragsytar på sosialisme.no, RU si nettside. Det gleder eg meg til. Det er så ofte eg les nyhende som får meg til å tenka, men tankane forsvinn berre ut i det store intet. Men no skal eg ta meg saman og skriva samfunnsrefsande, bitande kommentarar og kanskje til og med grava fram interessante nyhende som dei store, norske nettavisene ikkje bryr seg om.

På måndag er det 1. mai, og det ser ut som om det vert min fyrste 1. mai utan at eg går i tog. Det skal vera eit arrangement her i Odense frå tolv til fem, men det står ingenting om noko toggåing. Det er kjipt, 1. mai skal innehalda tog, is og synging av Internasjonalen. I tillegg til dei politiske sakene, så klart. Men tog, is og synging har vore viktig for meg i over 20 år, politikk berre dei siste ti. Sidan eg har time med barokklæraren min klokka fire, og ikkje kjenner nokon å feira med, så det blir nok lite feiring på meg. Eg får ta det igjen til neste år, i Berlin. Då forventar eg besøk av opptøysturistar!

24 april, 2006

Eg er forelska!

Det er ingen tvil. Eg har sommarfuglar i magen, eit konstant smil om munnen, og eg dagdrømmer og mister konsentrasjonen stadig vekk. Eg er forelska. Det har eg jo vore samanhengande i tre år, så nokon av mine lesarar sukker kanskje litt oppgitt og tenker: "Det var jo ikkje akkurat noko nytt." Men no er eg altså ekstra forelska. Kanskje det er fordi det endeleg er blitt skikkelig vår, med lauv på trea og blomar langs husveggane, eller kanskje det er fordi eg fekk ein ekstra hyggelig god morgon-epost i dag. Eg veit ikkje, og det er ikkje så farleg. Eg liker kjensla uannsett.

Det eg ikkje liker så godt er prisen for reperasjonen på fiolinen min. Ikkje berre måtte gripebrettet limast på, det måtte òg pussast og rettast på fordi det var så slitt. Og så trengte lakken rens, og eit par stader var den så slitt at det må leggast på ny. Alt i alt må eg rekna med å betala 1500 kroner. Men det er verdt det, eg kjem til å få betre pris for fiolinen min når eg ein gong selger den om den er godt vedlikeholdt. Og så blir det hyggelig å få tilbake ein blank og fin fiolin når eg henter den på onsdag. Det blir betre å spela på den òg når gripebrettet ikkje lenger er slitt og litt bua. At gripebrettet dett av er visst ikkje så uvanleg. Ein limer det med eit tynt lag lim, så det skal vera det svakaste leddet og gi etter fyrst om fiolinen vert utsett for eit slag. Det er jo mykje lettare å setta på nytt gripebrett enn ny hals, så det er lurt. Men med tynn lim vil det løsna før eller seinare uannsett, og det er det som mest sannsynleg har skjedd med min fiolin. Så no har eg lært det, og neste gong det skjer kjem eg ikkje til å bli så forskrekka.

23 april, 2006

Beklagar alt det rosa

Eg leika meg med å laga ein rosa blogg i dag, men då eg skulle forandra den tilbake til den vanlege blå ville plutseleg ikkje blogspot meir. Eg skal fiksa det ved fyrste høve. Men på ein måte liker eg rosa. Eg, som alle andre jenter, elska rosa då eg var liten. Eg kan hugsa ein kjole som barbiedokka til Nina, ei venninne eg leika mykje med, hadde. Den var stor og rosa med puffermar. Ein sånn kjole ville eg òg ha. Men så blei eg svartkledd feminist, og svartkledde feministar kan jo ikkje lika rosa. Eller kan me det? Eg kjenner at eg har begynt å lika rosa igjen. Eg liker rett og slett at fargen er varm og lys, men ikkje så skrikande som raud eller gult. Men eg ser at det ikkje funkar på ein heil blogg, dessutan så er nyansane for like kvarandre, så det er vanskeleg å lesa. Så når blogspot er klar til å samarbeida igjen blir bloggen blå.

I dag har eg øvd med ein kvartett eg spelar i. Me spela ein av Haydn sine strykekvartettar, og eg synes det er kjempegøy. Me er ein svenske, ein danske, ein litauar og meg, så me komuniserer saman på dsvnorsk og engelsk. Me skal, om me øver nok, spela på ein konsert 15. mai. Det er den same konserten som eg skal spela mine to solostykker på. Eg er framleis i tvil om eg kjem til å bli klar, det er berre tre veker igjen. Men eg gjer så godt eg kan.

22 april, 2006

Fantastisk uttrykk

På min morgonsurferunde kom eg til å lesa ein anmelding av Marit Larsen sin konsert i Lillestrøm i går kveld. Ein ganske alminneleg tekst ender med eit fantastisk, heimesnekra uttrykk: "Gåsehuden satt løst."

Det skal eg begynna å bruka!

21 april, 2006

Fiolinen min må til legen

I forgårs gjekk fiolinen min i stykker. Heldigvis gjorde den det på ein veldig lite dramatisk måte, gripebrettet (det svarte brettet under strengane) datt av då eg skulle tørka av harpiks. Det kan enkelt limast på, men sidan det tross alt er snakk om det kjæraste eg eig har eg fått anbefalt ein god felemakar i København som skal fiksa det på måndag. Kammerorkesteret på konservatoriet har konsert i morgon, og me har hatt prøvar kvar dag denne veka, så eg får heldigvis låna ein fiolin av ei som har konvertert til bratsj. Det har gått overraskande bra å spela på den, men eg gleder meg til å få tilbake min eigen.

19 april, 2006

Eit mysterium

I dag kom det eit mystisk brev i posten. På konvolutten står namnet mitt og den gamle adressa mi i Bergen skreve med skrivemaskin eller skrivar, og posten har klistra på ein adresseforandringslapp. Frimerket er eit vanleg A-postfrimerke, men utan stempel. Inni konvolutten er det eit a4-ark med overskrifta "Innbydelse til konfirmasjon" i løkkeskrift-font. Vidare er det eit bilete av ein ung gut som sitt i ei trapp inni eit hus. Han har grøn gensar og smiler litt. Under biletet, som dekker over halvparten av arket, står det: "Vi har den glede å invitere Mari med samboer til Anders sitt konfirmasjonsselskap søndag den 21. mai kl.13.30 i Fløteren på Skogmusèet. SU: innen 1. mai. Hilsen Tove Heidi og Johnny."

Det er kjempehyggelig å bli invitert i konfirmasjon. Problemet er berre at eg ikkje veit kven eg er invitert til. Eg kjenner ein Johhny, ein gamal venn av far min. Men far min meiner bestemt av Johnny sin kjæraste ikkje heiter Tove Heidi, og han har heller ingen son som heiter Anders. Utallige søk i telefonkatalogen og på sesam har ikkje gitt noko svar, eg klarer ikkje å finna nokon Johnny og Tove Heidi som bur saman, heller ikkje med nokon Andreas. Utallige søk i min eigen hukommelse har heller ikkje gitt noko treff. Det hadde hjelpt om Andreas, Tove Heidi og Johnny hadde skreve ei adresse, eit telefonnummer eller eit etternamn i invitasjonen, men det har dei ikkje.

Eg har ingen illusjonar om at heile Noregs befolkning les bloggen min. Men om nokon av mine lesarar veit kven eg er invitert i konfirmasjon til så vert eg veldig glad.

16 april, 2006

Påskeblogg

Bloggen min har fått nye fargar. Det er fordi Wilhelm var så snill at han viste meg korleis ein gjer det. Det er eigentleg berre ein avansert versjon av å blanda fargar i målarskrinet. Fyrst så skriv eg rgb, som står for red, green og blue, så dataen veit kva slags fargesystem eg bruker. Så skriv eg eit tall mellom 0 og 255 for kvar farge, med komma mellom, og blandinga blir til saman ein farge. Til dømes er 0,0,255 knall blå, 0,255,255 turkis og 0,0,0 heilt svart. Det er ikkje så lett som ein skulle tru å komma fram til fargar som ser bra ut saman, særleg fordi størrelsen på feltet som skal ha farge betyr så mykje for korleis fargen ser ut. Men no synest eg det ser ganske ok ut, litt bleikt kanskje. Eg tenker på å laga ein brun og grøn blogg, og ein med oransje fargetonar, men det blir nok ei stund til eg blir ferdig med det. Eg tar imot kritikk av fargeval med takk.

Bortsett frå å leika med fargar har eg vore masse sosial i påsken. Eg og Jokke har ete middag med minst ein til, ofte fleire, kvar dag, og eg har vore på fest og på besøk hjå Faste. Og så har eg øvd litt, men sjølvsagt altfor lite. Eg kjem til å få det hardt i neste veke, ein time etter at eg kjem til Odense byrjar den fyrste orkesterprøven, og så går det i eitt resten av veka. Men det er ikkje før på tysdag, eg skal ha ferie fram til då. I dag har eg, Jokke, Katrine og Bård ete pannekaker med is til frukost. Dei var her og spelte spel i går, og sidan nattbussane ikkje går i påska måtte dei overnatta. Seinare i dag skal me til dei og eta midadag, det blir heilt sikkert veldig hyggelig. Og så får eg kosa med katten deira, viss han vil.

08 april, 2006

Shanghai glød

I dag har eg opplevd noko fantastisk. Ei venninna av meg av har ein far som saman med sambuaren sin har starta opp Dragonfly Therapeutic Retreat. Det er ein stad ein kan få ulike typar massasje og behandlingar, eller slappa av i relaxrommet. Bortsett får mangelen på norske ord er dette eit fantastisk konsept. Eg hadde aldri hatt råd til å gå dit, om ikkje venninna mi får gratis massasje, både til seg og sine venner. Me fekk ein ansiktsbehandling kalla Shanghai glød, med massasje, maske og rensing. Det var heilt fantastisk. Det er vanskeleg å beskriva korleis det kjenteset, det var herleg avslappande og huden min er kjempeglatt og mjuk. Om eg hadde vore rik skulle eg fått massasje kvar veke.

07 april, 2006

Brød

Det seier litt om brødet i Danmark at det fyrste eg gjer når eg kjem til Oslo er å baka brød. Jørgen har berre ein knøttliten steikeomn, fordi den på komfyren er øydelagd, så eg får ikkje bakt i Odense. Så eg har valget mellom rugbrød som legg seg som ein klump i magen og hindrar at eg vert svolten på fleire dagar, noko som er litt irriterande sidan eg treng mat jamnleg, og loff, og som alle veit er loff ikkje skikkelig mat, men tullemat. Men no står det to fine grovbrød på ei rist på kjøkkenet, og når dei er blitt passe lunka skal eg eta nybakt brød med brunost på. Mmm, det blir godt.

04 april, 2006

Mi veka

Christian starta det, Lille Frøken fulgte etter og no er det min tur. Eg skal oppsummera veka mi.

Politisk aktivitet: Utallige innlegg på RU sitt nettforum, og så les eg Guns, germs and steel av Jared Diamond som i korte trekk er eit forsøk på å finna ut av kvifor det var europearane som invaderte Amerika, og ikkje amerikanarane som invaderte Europa. Det er ei veldig spennande bok, eg har så smått begynt å tenka på å laga ei innleiing eller ein artikkel bygd på den.

Sosial aktivitet: Oj, no må eg tenka etter. Eg har vore på opera saman med to andre, og så har eg prata litt med folk på skulen. Og det er vel det. Jo, eg har prata med Jørgen som eg bur med, og så har eg jo prata på msn og Skype med folk i Noreg. Og viss eg tolkar sosial aktivitet veldig vidt så er jo epostane og meldingane eg sender med Jokke litt sosiale.

Musikalske aktivitet: Her kjem forklaringa på den stusslege aktiviteten ellers. Eg har stort sett spelt den siste veka.

Bøker lest: Moving pictures av Terry Pratchet, faglitteratur om barokken og Guns, germs and steel.

Filmar sett: Ingen, det tar jo så lang tid

Hørt på radio: Masse, eg har oppdaga podkasting, og høyrer på alle mine favorittprogram som Ut i verden og Språkteigen. Det einaste eg saknar er Hallo i uken, det legg ikkje NRK ut.

Trening: Flaut lite. Men eg syklar opp og ned til sentrum omtrent kvar dag, og det er jo strengt tatt ein halvtime med fysisk aktivitet.

Alkohol konsumert: Null, niks og nada. Eg bør vel smaka på det lokale ølet snart, men eg har berre ikkje kome så langt.

Musikk høyrt: Mest musikk som eg skal spela, og derfor bør høyra på. Og så litt Elvis Costello fordi eg har begynt å lika han skikkelig godt.

Det var mi veke. Neste veka blir mykje meir spennande, då er det påskeferie og eg skal vera i Oslo med Jokke.

03 april, 2006

Ulik

I Barockboken, under kapittelet Rytmiska förandringar, står det eit spennande avsnitt om inégalitet. Inégal er fransk for ulik eller ujamn, og er eit omgrep som skildrar den rytmiske endringa av fjerdedelar eller sekstendelar, alt etter taktarten, i barokken. Kort fortalt betyr det at tonane vert gruppert to og to, og i staden for at dei to er like lange skal den fyrste spelast litt lenger, og den andre tilsvarande kortare. Vanlegvis skal høvet mellom tonane vera tre til to, slik at den fyrste blir tre femtedelar lang, og den andre to femtedelar. Men det er sjølvsagt umogleg å tella til fem inni seg tre, fire gonger i løpet av ei takt, så å spela med den riktige inégaliteten er noko eg må læra ved å lytta og herma. Det er meir ein betonigsforskjell, eit rytmisk driv eller ein god svung, enn ein rytmisk endring, og når det funker er det skikkelig kult.

Eg har hatt time med min lærar i barokk oppføringspraksis i dag, det er derfor eg er så opptatt av franske ujamnheiter. Han har lært meg mange andre barokke finurlegheiter i dag òg. Å spela barokkmusikk på ein historisk måte er som å driva med historieforskning. Notebiletet i barokken var lite standardisert, kunstmusikken var ung og å reisa gjennom Europa tok fleire år. Ulike komponistar nytta seg av ulike teikn, og når dei nytta dei same teikna så er det ikkje sikkert at dei meinte det same. Dessutan forventa komponistane at musikarane kjente stilen, og la til det som mangla i notane av ornament og rytmiske endringar. Den gongen var det lurt, barokkmusikk var samtidsmusikk og på same måte som alle kjenner pop-sjangeren sine særtrekk i dag kjente alle tempoet til ein fransk menuett eller til ein allemande, og alle visste når det var nødvendig med ei trille eller nokre gjennomgangstonar. Om alle detaljane skulle skrivast inn i notane ville det blitt for mykje rot, og rot skal ein ikkje ha.

Men for oss som ikkje er vaksne opp med barokkmusikk så er notane eit lite mysterium, litt som eit kart der halvparten av detaljane er viska ut. Min barokklærar kan heldigvis mange av hemmelgheitane, og i dag har han delt nokre av dei med meg. Og eg har delt med lesarane av bloggen min, enten de vil eller ikkje.

02 april, 2006

Folk som går forbi vindauget mitt

Når ein står og øver er det fint å ha noko å kvila blikket på. Stort sett kan eg det eg speler utenatt ganske fort, så i staden for å sjå på notane ser eg ut vindauget. Der eg står, fem timar om dagen, kvar dag frå åtte, halv ni-tida om morgonen til ni-tida om kvelden, og ser på folk som går forbi. På grunn av hekken ser eg berre hovudet på dei som går på mi side av gata, og men nesten heile overkroppen på dei som går på andre sida. Dei som syklar ser eg heile av, men dei syklar så fort forbi at eg eg ikkje får sett skikkelig på dei. Unntatt den dama som syklar forbi om morgonen, og tilbake igjen utpå ettermiddagen, kvar dag. Ho har på seg ei fantastisk mønstrete jakka i rosa og lilla, og er umogleg å ikkje få auga på. Dama er omtrent femti, med kort, grått hår. Av og til har ho med seg to bæreposar, då går ho. Eg ser for meg at ho arbeider i barnehagen som ligg nedi vegen her, ho ser ut som ei dame som heller jobber ute eller med folk enn inne blant bøker og papir.

Dei fleste eg ser kvar dag er folk som går tur med hunden sin. Ein gammal mann med rullator går forbi ein gong om dagen med ein liten, kvit hund som openbart er mykje lettare til beins enn sin eigar. Ein annan mann, som òg er gammal, men mykje sprekare, har ein border collie som han luftar fleire gonger om dagen. Av ein eller annan grunn minner denne mannen meg om Farfar, eg trur det er hua som minner meg om ei hue Farfar har hatt. Eller så er det noko anna som liknar, kanskje det er kroppsfasongen eller måten å gå på. Men eg tenker på deg kvar gong eg ser han, Farfar.

Det er mange andre som går forbi vindauget mitt, dei fleste med hund. Eg brukar å gjetta om personen som kjem gåande har hund eller ikkje, før eg ser hunden gjennom hekken der den er tynnast. Folk med hund går på ein annan måte enn dei utan, dei går meir rykkvis og mindre målbevist. Unntaket er dei som har hundar som går fint ved foten utan å snusa og surra bak busskuret og i grøtekantane, dei går som mennesker utan hund.

Eg får av og til spørsmål om eg ikkje blir gal av å stå og øva heile dagen. Det tar eg som eit kompliment, for det betyr at eg ikkje framstår som ein galning enno. Men eg trur at det er vindauget si forteneste at eg ikkje går på veggane. Om nokon trekk for gardinene tar det nok berre nokre timar med skalaøvingar før eg blir vill i blikket.

01 april, 2006

Småpanikk

Eg har litt småpanikk akkurat no. Eg har tre solostykker og ein etyde å øva på. I tilleg skal eg ha fyrste øving med ein kvartett på tysdag, noko som betyr at eg bør kunna stemma mi til. Og på torsdag skal eg spela tersar, sekstar og oktavar framfor alle dei andre fiolinstudentane, så eg bør kunna det, og så skal eg kunna tre satsar frå tre ulike orkesterverk til orkesterprøven seinare på kvelden. Og så skal eg spela to satsar frå ein sonate av Hotteterre (fantastisk namn, det er ein fransk barokkomponist) på måndag, det hadde eg nesten glømt. Eg har ikkje moglegheit til å læra meg alt så godt som eg synest eg burde kunna det. Det er alltid sånn, alle prosjekt og konsertar kjem alltid samtidig.

Eg har jobba godt i dag, har øvd fem timar, lest ein time barokkteori, og endå hatt tid til å sjå ein opera, Askepott av Rossini. Læraren min dirigerte orkesteret og skaffa oss gratisbillettar. Han er veldig grei sånn. Framføringa var litt prega av at ein av dei to onde stesøstrene hadde mista stemma, og derfor ikkje kunne synga. Ho mima så godt ho kunne, og den andre søstra sang mange av hennar replikkar, men duettane vart naturlegvis ikkje duettar. Ein kunne merka på heile ensamblet at dei var litt nervøse, og det var eit par små uhell som nok ikkje hadde skjedd på ein vanleg kveld. Men ho som song Askepott hadde ei uvanleg søt stemma, og prinsen song òg godt, så det var ei fin oppleving likevel. Når eg flytter til Berlin skal eg prøva å sjå masse opera. Ein kamerat som var i Tyskland ein gong då me gjekk på vidaregåande fortalte om korleis folk sto i kø for å sjå opera, at dei hadde med seg ein liten krakk og termos med kaffi, og hadde faste plassar i salen. Dessutan sa han at opera var billeg, og med tre operahus burde det alltid vera ein forestilling som freistar.