28 juli, 2006

Kor mange timar kan eg spela på ein dag?

Svaret er ti og ein halv. Minst. Eg er på Elverum, på eit kurs som heiter Ungdomssymfonikerne, og speler Mahler, Sibelius, Irgens Jensen og filmusikken ti Harry Potter, og mykje annan musikk. Eg skal vera her i tre veker, fram til 15. august, og eg er redd for at bloggen min blir litt kjedeleg så lenge kurset varer. For spesielt interesserte kan eg fortella at ein vanleg dag byrjar med at eg står opp, øver ein time for meg sjølv, et frukost, øver tre timar saman med heile eller deler av orkesteret, før eg et matpakkelunsj for å spara inn den tida det tar å gå frå der me øver til der me et. Så øver eg to, tre eller fira timar for meg sjølv, går til folkehøgskulen der me bur og slappar av litt før eg et middag, så øver eg tre timar saman med orkesteret igjen. Etter det er klokka blitt nesten elleve, og eg skriv litt i bloggen min, les litt eller pratar med folk, før eg sovnar glad og utslitt.

Desse tre vekene får eg levd ut rutinemennesket i meg. Eg får faste måltider, fast døgnrytme, og eg kan, på ein nesten skummelt altoppslukande måte, konsentrera meg om kun ei oppgåve; å spela fiolin. Det verste, eller beste, er at eg liker det. Men eg har vore litt plaga med migrene, og det liker eg ikkje. Viss eg er heldig kjem brillene mine i posten i morgon, tante Berit har vore så snill og henta dei for meg, og det håper eg vil hjelpa.

22 juli, 2006

Varmt!

Det er så varmt! Eg held på å smelta vekk, og det er ingen kjølig plass i denne byen. Eg vil heim, til Espeland, der det alltid er kjølig og fint. Og viss det ikkje er kjølig, så er det berre å dyppa seg i vatnet, og så er ein kald med ein gong. Men eg har ingen badeplass i Oslo som eg veit om og som er nærme. Eigentleg burde eg spelt fiolin, men det er altfor varmt til det. Så eg ligg på sofaen og les krim og er varm. Sukk.

21 juli, 2006

Briller

Her om dagen var eg til optikar for å sjekka om eg trengte briller. Han fann ut at eg ser perfekt på høgre auge, men har litt skjeive hornhinner på venstre. Sidan det er venstre auga mitt som er dominant, på same måte som eg bruker mest høgre armen, så bruker eg mest venstre auge, kan det gjera meg sliten, og vera med på å gi meg migrene. Det vil eg jo ikkje ha noko av, så dagen etter tok eg med meg Jokke for å sjå på briller. Brilleland hadde tilbod, så eg fann meg eit par ok briller til berre 400 kroner. Så no gleder eg meg til at dei vert ferdige, så eg kan bli brilleslange igjen.

Ellers så gjer eg ikkje så mykje om dagen, eg øver og jobber med støttenettverket for afghanske flyktninger. Veret er strålande, og sjølv om det blir lite bading og sånt har eg skikkelig sommarferiekjensle.

16 juli, 2006

Arvikafestivalen

No har eg kome heim frå fire fine dagar i Arvika saman med Jokke. Eg har sett ...And you will know us by the trail of dead (us), Client (uk), Covenant (se), Franz Ferdinand (uk), Irya Gmeyner (se), Mesh (uk), Mindre Nils (se), Nationalteatern (se), Nitzer Ebb (uk), Satyricon (no), Slagsmålsklubben (se), Suburban Kids With Biblical Names (se), Teater Lacrimosa (se), The Young Gods (che), Thåström (se), Turbonegro (no) og sikkert fleire som eg ikkje hugsar namnet på.

Eit høgdepunkt var Teater Lacrimosa, ei feministisk teatergruppe med musikk og plakatteater. Dei hadde ein fantastisk gjennomgang av hersketeknikkane, med menn frå publikum som medhjelparar, og morosamme songar og sketsjer. Nettsidene deira, http://www.teaterlacrimosa.net, er verdt eit besøk. Dei har dessutan gitt meg eit nytt favorittsitat: "Patriarkatet har vi inget emot. Det är din pappa, din bror och din pojkvän vi är ute efter..."

Andre høgdepunkt var Slagsmålsklubben, Mindre Nils, Client, Turboneger og The Young Gods. I tillegg til gode konsertar har eg hatt det veldig fint med Jokke, på kafear, grasplenar og tuslande rundt i Arvika sentrum. Det som var mindre morosamt var å bu på campingen som vart meir og meir forsøpla, og å bruka luktande og fulle bajamajar, som er det svenske ordet for festivaldo. Men det var ikkje så ille, og så var det veldig fint å komma heim til vannklosett og dusj.

02 juli, 2006

Eg har bada!

Det er kanskje litt seint, men i dag tok eg årets fyrste bad. Eg besøkte Ragnhild på Høvik, og etter ein betre middag gjekk me ned på stranda. Etter nokre oppmuntrande tilrop frå badenymfa Ragnhild, som brukte ti sekund på å komma uti, turde eg òg. Vatnet var deilig, det var faktisk ganske varmt. Eg er veldig fornøyd med å ha bada. Neste gong eg blir mobba fordi eg synest det er for kaldt kan eg unnskylda meg med at eg har bada ferdig for i år.