27 desember, 2006

Kva fekk Jokke til jol?

Eg vart til slutt nøgd med presangen til Jokke, og eg trur han vart glad for den. Eg fylte ein stor boks med marsipan, sjokoladesaus og karamellsaus til is, begge deler fordi det er Jokke veldig glad i. I tillegg la eg oppi ein og ein halv heimestrikka sokk. Eg ville ikkje strikka ferdig før eg var sikker på at sokken passa. Det gjorde den, og eg skal strikka som ein gal fram til eg kjem til Oslo igjen. På toppen låg boka Riket ved veien ende av Jan Guillou, fordi det er den boka Jokke mangla i triologien om Arn. I tillegg fekk han teikneserien Palestina av Joe Sacco, som har fått gode kritikkar.

Etter ei lang og strabasiøs reise kom eg og Jokke fram til Løvlid, hytta til mannen til mor til Jokke. Det vart slutten på det strabasiøse i jola, for me vart tatt veldig godt vare på der. Me fekk mat, i store mengder og alt smakte veldig godt, presangar, i endå større mengder og med masse omtanke bak, badstu, peiskos og mange, hyggelige samtalar. Og ein liten fjelltur, fordi det var berre på toppen av fjellet det var mobildekning.

21 desember, 2006

5 ting eg har og liker

Sidan det snart er jol har eg blitt spurt om kva eg ønsker meg i jolapresangar. Det har fått meg til å tenka på kva eg har, og her er lista over dei fem tinga eg har som eg likar best.

1. Fiolinen min , som eg kjøpte for masse, masse pengar for fire år sidan. Sjølv om eg tenker på å kjøpa meg ein ny og endå betre, så er det definitivt favorittingen min.

2. Den nye bogen min, strengt tatt har eg ikkje kjøpt den endå. Men med mindre eg finn ein fantastisk boge medan eg er i Oslo, har eg tenkt å kjøpa ein boge laga av R. Dotschkail. Den er godt balansert og er lett og god å spela med. Og så er den vakkert laga, med ein frosj av skilpaddeskal og med gulldetaljar.

3. Campers støvlettar, kjøpt på salg i fjor vinter for drøyt tusen kroner. Støvlettane har låge hælar, gode sålar, og gir meg aldri gnagsår. Derimot gir dei meg varme, tørre føtter, og ikkje minst, varme leggar.

4. Kjempestor koffert, som eg fekk i presang av Oddny då eg skulle flytta til Odense. Den har plass til kjempemasse, og gjer all reisinga att og fram mykje lettare. Og så har den fire hjul, og er lett å trilla sjølv om den er tung.

5. iBooken min, som eg kjøpte for pengane eg fekk i utvekslingsstipend. Livet vert mykje lettare med ei god, bærbar datamaskin. Og det gjer jo ikkje noko at den er fin å sjå på.

18 desember, 2006

Presangproblem

Når Jokke opnar jolapresangane sine på jolafta er det den åttande gongen han opnar ein jole- eller bursdagspresang frå meg. Trur eg, det kan henda eg har gått litt i surr i åra. Men uansett, det er mange presangar, og det vert vanskelegare å kjøpa dei for kvar gong. Det er ein eigen dynamikk i kjærastepresangar. Dei skal verta finare for kvart år, for å gjenspegla at forholdet òg vert finare år for år. Om presangen er dårlegare enn året før, så kan det vera eit faresignal. Men problemet er at for kvart år så vert det to gåvemoglegheiter mindre, om ikkje fleire, fordi eg ofte kjøper meir enn ei gåve til kvar jol eller bursdag. Og for kvart år så er eg meir glad i Jokke, og eg synest fleire og fleire potensielle gåver ikkje er fine nok for han.

Eg er redd for at på eit tidspunkt så kjem det til å bli umogleg å kjøpa jolapresangar til Jokke utan å sprenga heile årsbudsjettet. Men enn så lenge så freistar eg å finna den perfekte presangen, utan å bruka meir pengar enn eg har råd til. Det er ikkje lett. Eg har brukt mange, mange timar på å traska rundt i Berlin og leita etter den riktige butikken med dei riktige tinga i. I dag fann eg endeleg noko av det eg har leita etter, men eg er enno ikkje nøgd med presangen. Og det er berre seks dagar igjen til jolafta. Korleis skal dette gå?

Etiketter:

17 desember, 2006

Menneske = mann?

Feministar, som meg, hevdar ofte at me lever i eit samfunn der menn er norma, og kvinner ikkje vert rekna som fullverdige menneske. Mange avviser det, og forklarar vår bisarre oppfatning av samfunnet med at feministar er stygge eller lesbiske, eller alle helst begge deler. Men dagbladet.no seier det rett ut, med overskrifta Annenhver somalier tygger khat. Det kjem fram i artikkelen at mellom 50 og 70 prosent av somaliske menn tygg khat. Dagbladet er så venlege at dei anerkjenner somaliske kvinner sin eksistens med å skriva om dei som offer for kaht-tygginga.

Til den dagen eg ser overskrifta 34 prosent av det norske folk bruker p-piller, (og det ikkje er fordi det har kome p-piller for menn på markedet) kjem eg til å fortsetta å vera feminist, sjølv om det gjer meg stygg og/eller lesbisk.

05 desember, 2006

Weihnachtsmarkt

Det nærmar seg jol, og det veit tyskarane å markera. Annakvart vindauge i blokkene her i Spandau er fullt av lys, i alle fargar og fasongar. Nokre blinkar, og andre er inni jolenissefigurar som liksom-klatrar opp i i altanane. Nokre hus har lysgirlander langs alle hjørnene, og langs takmønet, og rådhuset har ikkje minre enn fire joletre i tårnet. I Altstadt Spandau, som er gamlebyen i Sprandau, er det Weihnachtsmarkt, jolemarknad. Eg gjekk gjennom marknaden på veg til biblioteket i kveld, og det var veldig koseleg. Det sto tett i tett med boder som solgte pannekaker, dei obligatoriske steikte pølsene i rundstykker, honning, spanske skinker, te, krydder, brente mandlar, krystall, rav, ullprodukt, broderi, trearbeid, kinamat, og sikkert tusen andre ting. Utafor kyrkja har dei sett opp ei jolekrybbe i full størrelse, med levande sauer og eit knøttlite, men veldig hyggelig esel. Og overalt var det lys i alle fargar, granbar og jolenissar. Eg kjøpte meg ein bratwurst mit brötchen og koste meg veldig.


Jolemarknaden i Spandau i 2002, men det ser veldig likt ut i år òg.

(Hagenissen i pubvindauget har fått besøk av jolenissevennen sin, Ingerid!)

02 desember, 2006

Sjuk

Eg har fått ei skikkelig magesjau. I dag er eg litt betre enn i går, og har ete, og behalde i magen, eit rundstykke, ein klemetin og ein porsjon rett i koppen-pasta. I morgon satsar eg på å vera heilt frisk, for å vera sjuk utan tv, og med berre bøker eg allereie har lest, er kjedeleg. Dessutan har eg lyst til å øva. Eg har lånt ein boge som eg vurderer å kjøpa, og det er kjekt å spela med ein betre boge enn den eg er van med.

Eg har to potensielle kjelder til mageproblema mine. Den eine er ein hund eg helste på då eg jogga på torsdag. Hundar kan jo smitta ein med så mangt. Den andre kjelda kan vera kohlrabi, som eg kjøpte på butikken og hadde i lapskausen eg åt etter joggeturen. Det er ikkje heilt det same som kålrabi eller kålrot, kohlrabien var mindre og grøn. Kanskje det var for sterkt for magen min? Eg veit ikkje, men enn så lenge har eg tenkt å halda meg unna både hundar og rare, tyske rotfrukter.