29 november, 2005

Eg vil ha mat

Det er ikkje lett å få til alt som må gjerast i løpet av ein dag. Eit godt døgn bør minimum innehalda fire måltider, nokre liter vatn, 8 timars søvn og fem timar øving på fiolinen. Viss eg i tillegg får litt frisk luft, sosialt samvære, tankemat og eit par epostar frå Jokke så blir eg glad og fornøgd. Ein perfekt dag inneheld i tillegg Jokke i store doser, men sidan han bur i feil by så skjer det altfor sjeldan.

I dag har eg ete to måltider, øvd fire og sove sju timar og drukke altfor lite vatn. For lite mat og søvn gjør meg trøtt og svolten og lite effektiv, heldigvis skal eg eta middag om ti minutt på ein fantastisk kafe med dagens til 49 kroner. Maten er ikkje særleg spennande, men det smaker aldri direkte vondt. No lurer eg litt på om dette har særleg interesse for nokon. Men sidan dette er min blogg så har eg lov til å skriva akkurat så uvesentlege ting eg vil. Og for å avslutta dagens post: I dag har eg på meg svarte sokkar og kvit gensar.

25 november, 2005

Liker eg bloggar?

Etter å ha vandra litt i bloggane sin verden har eg stilt meg nokre spørsmål: Liker eg eigentleg bloggar? Blir dei brukt til noko fornuftig? Eller til noko morosamt? Svara på desse spørsmåla er nok nei. Med heiderlege unntak er bloggar stort sett berre endå ein måte å spre rykter og kringkasta antal alkoholeinheitar og ligg på. No er eg jo ikkje prinsipielt mot rykter, alkohol eller ligg, men eg synest det er litt ubehageleg å lesa om dei utan at den som har skreve det veit at eg les det. Med andre ord, eg blir ille berørt av å vita om sex-livet til s2 når han ikkje veit at eg veit. Eller om verdens nydelegaste dyr sine innvollsormar. Eg vil ikkje vita det!

Den logiske konsekvensen av dette er jo å slutta å lesa bloggar. Men då går eg jo glipp av masse informasjon som andre får, og det liker eg definitivt ikkje. Så eg prøver å fokusera på dei positive sidene ved fenomenet, og så får eg vel styra unna dei verste sladrebloggane. Og når eg flytter til det o store utland Danmark trur eg at eg vil setta pris på litt heimleg sladder.

14 november, 2005

Øh... Eg har visst ein blogg

Alle andre har jo, og eg trur ikkje det er farlig. I alle fall ikkje i små dosar. Og noko må ein jo gjera for å utsetta å varma opp til orkesterøving. Så no har eg ein blogg. Hurra?